Utløpt

Vi søkjer

Arbeidsgiver
Samferdselsdepartementet
Stillingstittel
Direktør for Vegtilsynet
Frist
07.11.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Samferdselsdepartementet
Om Vegtilsynet

Vegtilsynet er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet, og er departementet si fageining som skal føre tilsyn med at krav om tryggleik knytt til riksveginfrastrukturen er ivareteke av Statens vegvesen og Nye Veier AS. Utgangspunktet for Vegtilsynet sitt arbeid er særleg nullvisjonen for drepte og hardt skadde i trafikken. Vegtilsynet skal arbeide for at verksemda til Statens vegvesen og Nye Veier AS vert utøvd på ein sikker og føremålstenleg måte, til det beste for trafikantane på vegen. Vegtilsynet skal vidare vere ein aktiv pådrivar for eit sikkert og førermålstenleg vegnett i tråd med overordna mål for transportpolitikken. Vegtilsynet skal på oppdrag frå Samferdselsdepartementet følgje opp tryggleikstilrådingar frå Statens Havarikommisjon på vegområdet. Vegtilsynet vart etablert i 2012, er lokalisert på Voss i Vestland, har 14 ansatte og i 2022 eit budsjett på vel 19 mill. kr.


Om stillinga

Som direktør for Vegtilsynet vil du få det overordna ansvaret for å leie den daglege verksemda. Du skal sjå til at Vegtilsynet vert drifta effektivt i samsvar med lover, reglar og god forvaltingsskikk og i tråd med dei krava som fastsetjast i styringsdialogen med Samferdselsdepartementet. Direktøren rapporterer til Samferdselsdepartementet.

Vi kan tilby ei særs sentral rolle i ein av Noreg sine viktigaste sektorar.


Kvalifikasjonar

Vi er på jakt etter deg som har relevant erfaring frå offentleg forvalting, fortrinnsvis tilsynsverksemd. Du må ha forståing for politiske avgjerdsprosessar og ei klar rolleforståing; inkludert samspelet mellom politikk, forvalting og fag. Du har gode leiereigenskapar, og gjerne erfaring med å leie høgkompetente medarbeidarar. Det er ein fordel om du har erfaring frå samferdsel, men erfaring frå andre sektorar kan òg vere aktuelt. Vi ynskjer at du forstår teknologien sine moglegheiter og utfordringar.

Som person er du oppteke av utvikling, og du har god gjennomføringsevne. Du har velutvikla evner til relasjonsbygging, kommunikasjon og samarbeid. Du er tydeleg, tillitsskapande og oppteke av tilsynsfaget og tryggleik på vegnettet.


Generell informasjon

Du kan få nærare informasjon om stillinga ved å kontakte ekspedisjonssjef Anders Buttedahl på telefon 22 24 81 12/ 907 94 295 eller underdirektør Siri Hall Arnøy på 22 24 82 04/ 924 64 844.

I samsvar med offentleglova §25 kan det gjerast unntak for opplysningar om søkjar frå offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer å reservere seg mot å stå på offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Ved eventuelt avslag, vil søkjer bli kontakta før offentleggjering og få tilbod om å trekkje søknaden.

Arbeidsted: Voss. Lønn etter avtale. Den som tilsetjast må kunne verte tryggleiksklarert for nivå Hemmeleg.

Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil tilretteleggje for medarbeidare som har behov for det.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av om dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Akvyrssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Om arbeidsgiveren

Samferdselsdepartementet er regjeringa sitt utøvande organ for politikkutforming, forvalting, etatsstyring og eigarstyring innanfor transportsektoren.

Samferdselsdepartementet skal bidra til effektive, tilgjengelege, sikre og miljøvennlege løysingar som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Akersgata 59 (R5), Oslo, 0030 Oslo
Flere arbeidssteder
  • 5700 Voss
  • 5705 Voss
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Rådgivning,
Sikkerhet
Følg firma
416 følger dette firmaet

Akersgata 59 (R5), Oslo, 0030 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 277459093
Sist endret 17. okt. 2022 13:51

Rapporter annonse