Utløpt

Ålesund kommune, Kommunalområde Samfunn

Arbeidsgiver
Kommunalområde Samfunn, Ålesund kommune
Stillingstittel
Verksemdsleiar
Frist
16.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Vil du stå i spissen for ei berekraftig miljø- og samferdselutvikling? Blir du med på laget som vil skape ei betre framtid?

Vi søker ein engasjert og innovativ leiar med gode kommunikasjonsevner som brenner for å bygge gode lokalsamfunn. Vi treng deg med stor kapasitet og motivasjon til å lede ei framoverlent verksemd. Til verksemda ligg mange spennende utviklingsprosjekt og forventningar om å skape vakre uteområde, attraktive vegløysningar og samarbeid på tvers av ulike fagområde.

Du vil leie ei verksemd med tre avdelingar og rundt 60 tilsette. Verksemda har eit bredt spekter med oppgåver knytt til miljø og samferdsel. I dette ligg mellom anna planlegging, bygging, forvaltning og drift av kommunale vegar og grøntområde, inkludert Bypakken. Verksemda har også eit koordineringsansvar for klima- og miljøspørsmål og ansvar for forvaltning av landbruk- og skogområde.

Verksemdsleiar rapporterer til kommunalsjef Samfunn, og har økonomi-, personal- og fagansvar innanfor eige verksemdsområde. Kommunalområde Samfunn består av sju verksemder. 

Du får nå moglegheita til å delta i Ålesund kommune sitt arbeid for å nå nullvekstmålet innan 2050.

Velkomen med di søknad!

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle verksemda
  • Personalleiing
  • Økonomistyring
  • Fremme nyskaping og forsking
  • Publikum- og mediekontakt

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå innan relevant fagområde
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå, eller med, offentleg sektor
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Ferdigheiter og generell kompetanse

Evne til å: 

  • Planlegge, styre og kvalitetssikre, ta avgjerder, prioritere og avklare forventningar i samsvar med mål og rammer
  • Legge til rette for meining, meistring og motivasjon, bygge tillit og eit trygt arbeidsmiljø
  • Kontinuerleg tilpasse og utvikle verksemda og arbeidsmåtar til nye behov og krav
  • Bygge nettverk og samhandle med interne og eksterne aktørar

Personlege eigenskapar

  • Gode strategiske og analytiske evner 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Høg integritet og god sjølvinnsikt 
  • Stor arbeidskapasitet og pågangsmot 

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Ein spanande og samfunnsnyttig jobb
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt
og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.200 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er "nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet".
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Keiser Wilhelms gate 11, 6002 Ålesund
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Rådgivning,
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Malin Piegsa
Stillingstittel
Kommunalsjef
Mobil
959 98 479
Kontaktperson
Sol Berntsen Slinning
Stillingstittel
Ass. kommunalsjef
Følg firma
50 følger dette firmaet

Keiser Wilhelms gate 11, 6002 Ålesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 275036774
Sist endret 11. nov. 2022 10:08

Rapporter annonse