Utløpt

Seksjonsleiar ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar allmennpsykiatrisk poliklinikk, Øyane DPS
Frist
23.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Har du lyst til å ta leiaransvar og bidra til å utvikle psykisk helsevern vidare?  Øyane DPS har omorganisert vår polikliniske verksemd og vi har difor ledig stilling som seksjonsleiar for ein av våre to allmennpsykiatrisk poliklinikkar. Startdato etter nærare avtale.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken er lokalisert i bynære omgjevnadar om lag femten minuttars køyring frå Bergen sentrum.

Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år. Øyane DPS har ca. 130 tilsette; legar, psykologar, sjukepleiarar/vernepleiarar, assistentar samt merkantil personale.

Vi har som mål at vi til ei kvar tid tilbyr pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging. For å lukkast med dette satsar vi på vidareutvikling av pasienten si helseteneste, kvalitetsarbeid, pasientsikkerheit, forsking og systematisk fagleg utvikling. Vi legg stor vekt på samarbeid med kommunane for at vi sammen skal tilby gode, koordinerte tenester til innbyggjarane.

Gjennom programmet Samskaping i Vest  har vi fleire utviklingsprosjekt under arbeid. 

Øyane DPS har følgjande seksjonar:

  • Seksjon for akutte tenester
  • To allmennpsykiatriske poliklinikkar
  • Allmenn døgnseksjon med 10 senger
  • Psykosepoliklinikken/FACT  
  • Psykose døgnseksjon med 8 senger

Seksjonsleiarstillinga er knytt til ein av dei allmennpsykiatriske poliklinikkane. Seksjonen har om lag 17 motiverte og engasjerte behandlarar; psykiatarar, psykologspesialistar, psykologar, sjukepleiarar og sosionom. Vi har regelmessige sosiale aktivitetar og prioriterar arbeidsmiljøet. 

Saman med dei andre seskjonsleiarane vil du vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet ved DPS.

Velkommen til allmennpsykiatrisk poliklinikk - her kan du sjå introduksjonsvideo om oss.

Arbeidsoppgåver

  • Vere fagleg og administrativ leiar for seksjonen, med personalansvar for alle medarbeidarar
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Tilrettelegging av samarbeid med andre seksjonar ved Øyane DPS og kommunane
  • Bidra til at den faglege verksemda ved avdelinga er av høg fagleg kvalitet og vert drive på ein forsvarleg, kvalitetssikra og effektiv måte
  • Sørgje for planlegging og gjennomføring av prioriterte utviklings- og forskingsprosjekt
  • Delta i klinikken si leiargruppe
  • Noko pasientoppfølging kan vere aktuelt om ønskjeleg

Du har

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialist i klinisk psykologi eller psykiatri
  • Relevant erfaring
  • Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
  • Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Du er/har

  • Eit positivt bidrag til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne og er strukturert
  • Evne til å skape tillit og gode relasjonar
  • Evne til å vere målretta, og får oppgåvene gjort
  • Sjølvstende og tryggheit i arbeidet
  • Initiativ og er løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanse
  • Spennande utviklingsoppgåver


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Psykiater,
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

seksjonsleder,, seksjonsleiar,, psykolog,, psykiater,, Øyane

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Åse Dybdal
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
56 32 66 00
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 275026235
Sist endret 30. sep. 2022 08:55

Rapporter annonse