Utløpt

Hjerne for data og hjarte for havet?

Arbeidsgiver
Havforskningsinstituttet
Stillingstittel
Vi søker digital direktør
Frist
17.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Havforskningsinstituttet
Om stillinga

Stillinga som digital direktør hos Havforskingsinstituttet er ledig - vi søkjer deg som vil skapa verdiar av verdas viktigaste og finaste havdata.

Havforskingsinstituttet er tett på havet kvart døgn, året rundt - og skal sørga for rike og reine hav i dag og for komande generasjonar. Vi har store ambisjonar for framtidas havforsking, og digital nyskaping står sentralt. Vår digitale direktør skal styrka digitaliseringa av våre havdata i tråd med dei strategiske satsingane på instituttet.

Du får ansvar for å leia og bemanna avdelinga HI Digital som består av tre seksjonar: IT, Norsk marint datasenter (NMD) og Digital utvikling. Avdelinga tel rundt 60 stillingar.

Vi ser etter ein leiar som held høgt fagleg nivå og er oppdatert.

Vi ønskjer at du har forståing for korleis moderne digitale teknologiar kan utnyttast med eit brukarretta perspektiv, som til dømes god IT-arkitektur, praktisk bruk av maskinlæring, stordataanalyser osv. Til arbeidsområdet ligg også handtering, lagring og strukturering av store datamengder frå våre forskingsfartøy, fjern- eller sjølvstyrte farkostar, modellar, laboratorium, forskings- og feltstasjonar.


Kvalifikasjonskrav

Du har høgare utdanning med relevant fagkrins og brei arbeidserfaring. Erfaring frå kunnskapsverksemder er ein føremon. 

I stillinga legg vi stor vekt på personlege eigenskapar. Du må ha god strategisk forståing og høg gjennomføringsevne. Du likar å vise til resultat, har gode samarbeidsevner og legg til rette for motiverte og kreative medarbeidarar.

Arbeidsspråket er norsk, og det er krav om god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Vi legg til grunn at du også meistrar engelsk på høgt nivå.


Inkludering, mangfald og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar
med redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.


Vi tilbyr
  • arbeid i ein leiande forskingsinstitusjon, med stor samfunnsmessig verdi
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag

Ytterlegare informasjon

Arbeidsstad er Bergen, men andre løysingar kan bli aktuelt. Noko reiseverksemd må påreknast. Andre oppgåver enn dei som er nemnde ovanfor kan bli pålagde ved behov.

Stillinga blir løna i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, forventa mellom brutto kr 1 000 000 - 1 200 000 ut frå kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Søknad må sendast elektronisk via Jobb Norge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos direktør Nils Gunnar Kvamstø på tlf. 412 68 923. Sjå også nettsida vår www.hi.no.


Om arbeidsgiveren

Havforskingsinstituttet er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Strandgaten 196, 5004 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ledelse
Følg firma
1846 følger dette firmaet

Strandgaten 196, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274478922
Sist endret 14. okt. 2022 14:17

Rapporter annonse