Fagdirektør i samordningsseksjonen, Kommunalavdelinga

Arbeidsgiver
Kommunal- og distriktsdepartementet
Stillingstittel
Fagdirektør i samordningsseksjonen, Kommunalavdelinga
Frist
09.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med KOMMUNAL- OG DISTRIKTSDEPARTEMENTET
Om stillinga

Kommunalavdelinga jobbar for berekraftige, effektive om omstillingsdyktige kommunar og for eit velfungerande lokalt sjølvstyre. 

Samordningsseksjonen har samordningsansvaret for statlege tiltak overfor kommunane og fylkeskommunane, og for innovasjons- og digitaliseringsarbeid retta mot kommunesektoren. Seksjonen har óg ansvaret for kommune- og fylkesstruktur, oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa og konsultasjonsordninga mellom regjeringa og KS. 

Seksjonen har 13 medarbeidarar og er kjenneteikna av høgt kompetansenivå, samarbeid og kunnskapsdeling. 

Vi har ledig ei fast stilling som fagdirektør. 

Stillinga er særleg knytt til samordning av statlege tiltak overfor kommunesektoren, men jobbing med oppgåver på fleira av ansvarsområda i seksjonen må påreknast. I stillinga er det behov for samarbeid med andre i og utanfor avdelinga, og med andre departmenter og verksemder. 

Arbeidet er prega av at vi leverer til den politiske leiinga. Vi har høgt tempo og i periodar mange arbeidsoppgåver med korte fristar. I tillegg har vi oppgåver med lengre tidshorisont, og det er viktig at du trivst med dynamikk i arbeidskvardagen. 


Arbeidsoppgåver

Oppgåvene i seksjonen er fleire og varierte, og dei blir ofte endra ved regjeringsskifte. Det er derfor nødvendig å kunne jobbe med ulike delar av oppgåveporteføljen til seksjonen, og med ulike ansvarsområde som endrar seg over tid. 

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere å:

  • Vurdere om dei økonomiske og administrative konsekvensane for kommunesektoren av ulike statlege tiltak er tilstrekkeleg opplyst
  • Leie og delta i interne og tverrdepartementale fag- og arbeidsgrupper
  • Gi faglege vurderingar og råd til den politiske leiinga
  • Utarbeide og halde faglege innlegg i ulike samanhengar, også eksternt

Vi søkjer deg som har 

Nødvendige kvalifikasjonar

  • Mastergrad eller tilsvarande høgare utdanning i samfunnsvitenskap, økonomi eller jus
  • Solid erfaring frå sentral statsforvaltning
  • Minst åtte års relevant arbeidserfaring 
  • God kjennskap til rammene for, og betydelig erfaring med samordning av, statleg styring av kommunesektoren
  • Evne til å leie og utvikle fagområdet, blant anna gjennom fagleg rettleiing og utgreiing av komplekse oppdrag på eit bredt saksfelt som kan gå over lang tid
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne

Ønskelege kvalifikasjonar

  • Gode samarbeidsevner
  • Gode analytiske evner og god rolleforståing
  • Resultat- og løysingsorientert

Personlege eigenskapar

  • Intiativrik
  • Engasjert
  • Strukturert

Vi vil legge stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.


Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
  • Arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
  • Fleksibel arbeidstid
  • Høve til trening i arbeidstida

Løn: Stillinga er løna som fagdirektør frå kr 780 000 - 880 000 pr. år. Lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. 

Frå løna blir det trekt  2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenkja Søk stillinga øvst på denne sida. Legg ved vitnemål og eventuelle attestar.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV-en. Arbeidsforholda vil bli lagde til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjarar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les meir om krava i Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/nyhet/2019/12/endring-i-forskrift-i-statsansatteloven-gjor-det-enklere-inkludere).

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder publiserer i årsrapportane sine.

Godt medarbeidarskap (https://www.regjeringen.no/no/dep/kmd/jobbeikmd/vi-forventer/id2415481/) er viktig for oss.

I samsvar med offentleglova 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.

Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga: Kontakt avdelingsdirektør Mari Jacobsen på tlf. 22 24 68 31 eller på e-post Mari.Jacobsen@kdd.dep.no

Om arbeidsgiveren

Kommunal- og distriktsdepartementet har ca. 380 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren og resten av politisk leiing.

Departementet (KDD) har ansvar for bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, kommuneøkonomi og lokalforvaltning, IKT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, regional- og distriktspolitikk, valgjennomføring, politikken overfor samar og nasjonale minoritetar, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning.
 
Departementet har ansvar for ei rekkje etatar og verksemder. 

Kommunalavdelinga har ansvaret for å følgje opp kommunepolitikken til regjeringa. Ansvarsområda til avdelinga omfattar kommuneøkonomi, samordning av statlege tiltak overfor kommunane og fylkeskommunane, innovasjons- og forenklingsarbeidet retta mot kommunesektoren, kommunereforma, kommunalrett, kommune- og fylkesinndeling, administrasjon av val, partilova og partifinansieringa, konsultasjonar mellom staten og kommunesektoren, KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering), Det tekniske berekningsutvalet, Valdirektoratet og Kommunalbanken AS.





 

 

 

 

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Akersgata 59, 0032 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Juridiske tjenester,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Jurist,
Saksbehandler,
Samfunnsviter
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kommune, stat, samfunnsvitenskap, jus, økonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mari Jacobsen
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
22 24 68 31
Følg firma
628 følger dette firmaet

Akersgata 59, 0032 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 274101452
Sist endret 23. sep. 2022 10:17

Rapporter annonse