Utløpt

Avdelingsleiar for laboratoriemedisin

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Avdelingsleiar laboratoriemedisin
Frist
02.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

 

Vi har ledig stilling som avdelingsleiar ved Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna.

Ansvarsområdet til avdelingsleiaren er å sikre drift av laboratorietenestene i Helse Fonna. Stillinga inneber heilskapleg resultatansvar for fag, kvalitet, drift, personell, økonomi og samarbeid, på nivå 3.  Stillinga har ansvar for all laboratoriedrift i Helse Fonna på våre sjukehus på Stord, Odda og Haugesund. Avdelingsleiar rapporterer til klinikkdirektør og inngår i leiargruppa i klinikken.

Helse Fonna er i ein prosess knytt til utbygging av Haugesund sjukehus. Helse Fonna har bygd ut ei ny sykehusblokk som var ferdig i 2021 og Avdeling for laboratoriemedisin har flytta inn i nye lokalar med oppdatert maskinpark. Vi ønskjer ein leiar som kan bidra til å vidareutvikle avdelinga i pågåande endringsprosessar. Vi søkjer difor ein initiativrik leiar, som evner å bygge gode relasjonar og samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du må ha evne til å skape entusiasme som bidrar til å vidareutvikle ein forbetringskultur som motiverer til kontinuerlig og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling.


Arbeidsoppgåver

      • Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for personell, økonomi og fagutvikling i avdelinga
      • Sjølvstendig ansvar for leiing av avdelinga si leiargruppe
      • Vidareutvikle samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt
      • Ivareta vårt miljø- og samfunnsansvar
      • Kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring og vidareutvikling av forbetringskultur
      • Planlegge og legge til rette for at avdelinga blir drifta fagleg godt og effektivt

      Kvalifikasjonar

      • Leiarutdanning (leiarerfaring med personalansvar kan kompensere for manglande utdanning)
      • Relevant utdanning innanfor fagområdet laboratoriemedisin
      • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og god organisasjonsforståing
      • Erfaring med økonomistyring
      • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
      • Ønskjeleg med erfaring i samband med leiing av endringsprosessar

      Personlege eigenskapar

      • Resultatorientert leiar med ein innovativ, open og løysingsorientert haldning
      • Vi ønskjer at du har god rolleforståing
      • Høg grad av lojalitet, kvalitetsbevisst og etterretteleg
      • Høg arbeidskapasitet og evne til å vere fleksibel og omstillingsdyktig
      • Du liker å leie og bygge team
      • Du kommuniserer på ein tydeleg, presis og strukturert måte, munnleg og skriftleg

      Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga blir vektlagt.

      Vi tilbyr

      • Lønn etter avtale
      • Gode moglegheiter for å utvikla seg som leiar
      • Gode pensjons- og forsikringsordningar
      • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
      • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
      • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
      •  

      Mangfaldserklæring
      Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

      Om arbeidsgiveren

      Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.



      Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.




      For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.



       

      Sektor
      Offentlig
      Lederkategori
      Leder
      Sted
      Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
      Bransje
      Helse og omsorg
      Stillingsfunksjon
      Ledelse

      Nøkkelord

      Laboratorie;, laboratoriemedisin

      Spørsmål om stillingen

      Kontaktperson
      Sverre Kolbeinsen Lien
      Stillingstittel
      Direktør
      Telefon
      959 62 553
      Kontaktperson
      Dag Kjetil Larsen
      Stillingstittel
      Administrasjonssekretær
      Telefon
      52 73 22 04
      Følg firma
      132 følger dette firmaet

      Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

      Stort kart Hybridkart Flyfoto

      Annonseinformasjon

      FINN-kode 273914693
      Sist endret 21. sep. 2022 15:49

      Rapporter annonse