ID 1895 Einingsleiar - Eining for habilitering

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Enhetsleder
Frist
02.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Stord kommune har ledig 100 % stilling som einingsleiar for Eining for habilitering.

Eininga gjev tenester til menneske med nedsett funksjonsevne, og omfattar 9 bustader med heildøgnsomsorg, avlasting både i privat heim og i Sævarhagen avlastingsbustad samt arbeids- og aktivitetstilbodet Sæbø gard. Det er pr i dag om lag 150 årsverk som gjev tenester til ca. 100 brukarar.

Einingsleiar sine hovudoppgåver:

  • Leiing og koordinering av den daglege drifta
  • Dagleg ansvar og oppfølging av fag, personale og økonomi
  • Fokus på fagleg og personleg utvikling av medarbeidarane
  • Bidra aktivt i tverrfagleg innsats, samhandling og utvikling på tvers av avdelingar, tenesteområde og ulike samarbeidspartnarar
  • Vera oppdatert på lovverk innan fagområde, med særleg fokus på lovverk som regulerer bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova
  • Ordinære driftsoppgåver
  • Leiar har vide fullmakter innan vedtekne rammer og rapporterer til kommunalsjef


Me søkjer ein leiar som:

  • Har motivasjon og evne til å leia og vidareutvikla tenesta med mål om sjølvstendige og kompetente medarbeidar, - gjennom å gje tillit, handlingsrom og stilla krav
  • Er utviklings- resultat- og løysningsorientert med fokus på nært og gjensidig samarbeid med andre leiarar, fagpersonell, brukarar, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar
  • Kommuniserer tydeleg, arbeider strukturert og sjølvstendig, set klare mål, tek avgjerd og føl opp
  • Er open, raus, fleksibel, lojal, positiv, initiativrik og med god relasjonskompetanse.
  • Har evne til å sjå heile kommunen i ein heilskap på tvers av tradisjonelle fag, avdelingar og einingar.


Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Erfaring innan ansvarsområdet samt leiarutdanning og leiarerfaring
  • Kompetanse, forståing og interesse for økonimistyring er vesentleg
  • Har røynsle med IKT verktøy og ser potensiale i desse
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagt
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.


Me kan tilby:

  • Høve for personleg vekst og utvikling i arbeidet
  • Eit godt arbeidsmiljø med spennande utfordringar
  • Medlemskap i Stord kommune ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar med meir
  • Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysninga får ein ved å venda seg til kommunalsjef Anne Karin Fossdal, tlf. 907 62 789 eller einingsleiar Nina Steinsbø Walquist, tlf. 53 49 68 82/975 52 048

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5402 Stord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

enhetsleder, pleie og omsorg, habilitering, vernepleier, sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Karin Fossdal
Stillingstittel
Kommunalsjef
Mobil
907 62 789
Følg firma
4 følger dette firmaet

5402 Stord

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 273859433
Sist endret 22. sep. 2022 13:27

Rapporter annonse