Utløpt

Dagleg leiar/Administrerande direktør

Arbeidsgiver
Bingsa Gjenvinning AS
Stillingstittel
Dagleg leiar Bingsa Gjenvinning
Frist
04.09.2022
Ansettelsesform
Fast

 

Ålesundregionens nye miljøselskap søkjer dagleg leiar til å leie konsernet mot framtida

Med ei omsetning på over 200 millionar kroner og om lag 90 tilsette er Bingsa Gjenvinning AS Nordvestlandets største miljøselskap innanfor avfallsløysingar for hushaldskundar og næringskundar.

Bingsa Gjenvinning AS driv innsamling, sortering, behandling og gjenvinning av avfall i sju kommunar, både frå næringsverksemder og privathushald. Selskapet driv ni miljøstasjonar og har innsamlingar av miljøfarleg avfall i nærområda til innbyggjarane. Bingsa Gjenvinning AS har også ei viktig oppgåve i å gjennomføre haldningsskapande arbeid for å auke kunnskap om miljø, gjenvinning og avfallshandtering.

Bingsa Gjenvinning AS har store ambisjonar for rolla det skal ta i det grøne skiftet innan sirkulærøkonomi og si eiga utvikling innanfor digitalisering.

Bingsa Gjenvinning sin eigarstrategi har tre hovudmål:

  • Gode og effektive tenester til innbyggjarane til akseptabel pris
  • Lokal verdiskaping som sikrar avkastning på investerte verdiar
  • Redusere klimautslepp, samt auke graden av ombruk og gjenvinning

Er du den vi ser etter til å leie regionens nye miljøselskap si ambisiøse ferd mot framtida? 

Nøkkeloppgåver

  • Strategi og forretningsutvikling i samråd med styret og eigarar
  • Bygge det nye selskapet, kulturen og arbeidsmiljøet
  • Etablering og utvikling av styrings- og rapporteringsstrukturar
  • Utvikling av driftsprosessar som er balansert mellom lønnsemd i næringsverksemda og kostnadseffektivitet i forvaltningsverksemda (sjølvkost)
  • Utvikle selskapet gjennom eit framtidsretta fokus med tanke på vekst, bransjemessig fagutvikling og nye lovgitte krav
  • Levere på eigaranes målsettingar for selskapet
  • Sikre at selskapet har fokus på å utvikle innbyggjaranes kompetanse til riktig miljø- og klima åtferd
  • Bygge omdømme og høg grad av tillit blant kundar og innbyggarar

Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på master- evt. bachelornivå, gjerne innan teknisk, administrativ eller økonomisk retning
  • Relevant erfaring kan delvis erstatte krav til formalkompetanse
  • Erfaring frå leiing med strategiarbeid, endringsleiing, utviklingsprosessar og digitalisering, samt god forståing for sals- og marknadsarbeid
  • Erfaring frå industriell verksemd (produksjon og prosess), samt innsikt i prosessar frå offentleg forvaltning, prosjekt- og anbodsprosessar (entreprise) vil vere ein fordel
  • Brei samfunnsforståing og eit heilheitleg perspektiv 

Personlege eigenskapar

  • Strategisk- og visjonær
  • Systematisk og strukturert, med gode gjennomføringsevner
  • Entusiastisk og initiativrik, med evne til å delegere og følgje opp
  • Tillitsskapande, med gode relasjons- og kommunikasjonsevner
  • Samlande og evne til å bygge lag

Bingsa Gjenvinning AS kan tilby

Som dagleg leiar i Bingsa Gjenvinning AS vil ein kunne jobbe i eit spanande grensesnitt mellom eit viktig samfunnsoppdrag og kommersiell/operativ drift. Stillinga vil gi interessante moglegheiter til å utvikle ei brei samfunnsforståing og bygge eit sterkt lag i eit kompetent fagmiljø, med både faglege og forretningsmessige utfordringar. Ein vil jobbe mot ei brei kontaktflate og få store moglegheiter til å bidra med engasjement både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsordningar, samt eit kompetent fagmiljø og godt arbeidsmiljø.

Om arbeidsgiveren

Bingsa Gjenvinning AS er registrert som morselskap med to dotterselskap; Bingsa Gjenvinning Næring AS og ÅRIM AS. Selskapet er organisert som eit samla selskap med omlag 90 tilsette og ei samla omsetning på over MNOK 200.


Selskapet leverer tenester som handterer heile verdikjeda frå; innsamling, transport og til behandling av hushaldsavfall, næringsavfall og slam. Dette inneber viktige oppgåver som mellom anna å sikre at høg grad av avfallet vert gjenvunne, nytta som fornybare ressursar og forsvarleg handtering av farleg avfall. Selskapet har vore gjennom ei omorganisering og er no rigga for vidare vekst og utvikling.


Selskapet har aktivitet i heile regionen og er eigd av Ålesund, Giske, Sula, Fjord, Vestnes, Sykkylven og Stranda kommune.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
Alvikvegen 194, 6019 Ålesund
Bransje
Renovasjon og renhold,
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Miljøselskap, Gjenvinning, Strategi, Forretningsutvikling, Drift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Stette
Stillingstittel
Styreleiar Bingsa GJenvinning AS
Telefon
900 98 330
Kontaktperson
Jan-Inge Sætre
Stillingstittel
Senior Advisor Converto
Telefon
905 16 715
Kontaktperson
Gunnar Stein Hareide
Stillingstittel
Senior Advisor Converto
Telefon
900 13 603
Følg firma
193 følger dette firmaet

Alvikvegen 194, 6019 Ålesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 268759592
Sist endret 5. sep. 2022 00:11

Rapporter annonse