Utløpt

Barnehagelærar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
19.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vinterdalen barnehage er ein personalbarnehage for tilsette i Helse Bergen HF. Barnehagen har ca 50 barn i alderen 1-6 år og ligg idyllisk til like ved Sandviken sjukehus. Frå barnehagen har vi ei fantastisk utsikt over byfjorden og skogen er vår næraste nabo. Vi legg vekt på barndomen sin eigenverdi kor læring skjer gjennom utforsking, leik og glede i samspel barn imellom og mellom barn og vaksne. I vårt pedagogiske arbeid har vi for tida høgt fokus på livsmeistring. Komande barnehageår legg vi i tillegg stor vekt på det sosiale miljøet i barnegruppa og god, inkluderande leik. 

Vi har ledig fast stilling som barnehagelærar. Vedkomande som får tilbod om stillinga må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel) jf. Lov om barnehagar §30

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer deg som er ein trygg og omsorgsfull barnehagelærar med stor interesse og engasjement for faget. Du vil i samarbeid med pedagogisk leiar ha medansvar for det pedagogiske arbeidet og leggje til rette for eit godt psykososialt miljø i barnehagen.

Du må ha

  • Godkjend utdanning som barnehagelærar/førskolelærar
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel

Vi tenker at du

  • Har gode evner og vilje til samarbeid
  • Er fleksibel og har lett for å skaffe deg oversikt
  • Har stor grad av sjølvinnsikt og evne til refleksjon
  • Er påliteleg, imøtekomande og løysingsorientert

Vi tilbyr deg

  • Godt arbeidsmiljø
  • Fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Flotte barn og hyggeleg foreldregruppe
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen

Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Sandviksleitet 1, 5035 Bergen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Nøkkelord

Helse, Bergen;, barnehagelærar;, barnehage

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arnhild Baarøy
Stillingstittel
Styrar
Telefon
99 75 70 95
Følg firma
2253 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5035 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 267731386
Sist endret 4. aug. 2022 09:39

Rapporter annonse