Utløpt

Seksjonssjef  forliksrådssekretariat 

Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Stillingstittel
Seksjonssjef forliksrådssekretariatet
Frist
21.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Politiet

I Vest politidistrikt ved Felles eining for sivil rettspleie (FSR), seksjon forliksrådssekretariat er det ledig stilling som seksjonsleiar SKO 1211. Eininga består av fire seksjonar, og har om lag 55 tilsette. Eininga har fagansvar sivil rettspleie i Vest politidistrikt. Seksjon forliksrådssekretariat har for tida 7 tilsette. Seksjonen har ei god samansetning av ulik kompetansebakgrunn og alder, og eit god arbeidsmiljø.

Arbeidet er prega av høgt tempo, og den rette kandidaten må vere heilskapsorientert og ha evne til å raskt tileigna seg kunnskap om aktuelt regelverk. 

Som seksjonsleiar for forlik vil du ha tett samarbeid med FOA forlik, faggruppa internt i distriktet og leiergruppa i einiga. Som seksjonsleiar vil ein og gje råd og rettleie andre aktørar innan fagområdet og tilstøtande etater.

Stillinga vil bli stadsplassert ved den tenesteeininga som ligg nærast kandidaten som får stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Personal-, HMS-, og resultatansvar for seksjonen
  • Ansvar for tenesteproduksjon og for kontakta med publikum og forliksrådsmedlemmane
  • Sørgje for god fagleg dialog med andre einingar og avdelingar i driftseininga
  • Sørgje for effektiv bruk av tilgjengeleg teknologi som kan lette det daglege arbeidet og understøtte
    gode prosessar
  • Sørgje for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggjarar
    og verksemder i eininga
  • Leie og styre ressursane planmessig ved seksjonen og sørgje for god ivaretaking av administrative oppgåver
  • Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
  • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt 
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis på høgskule/universitetsnivå 
  • Leiarerfaring blir vektlagd og kan i særlege tilfeller kompensere for kravet til utdanning 
  • Relevant fagkompetanse og relevant arbeidserfaring
  • Kunnskap og erfaring med HMS 
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk
  • God brukarkompetanse innan IKT og god kjennskap til officepakken
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel 
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
  • Kunnskap om saksbehandlarsystemet SIAN er ein fordel
  • Noko utvida kunnskap om excel er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

 

Personlege egenskapar

  • Evne til å handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv
  • Gode leiareigenskapar, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
  • Evne til å skape gode relasjonar og kunne samhandle både internt og eksternt 
  • Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
  • Evne til å sette retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
  • Resultat- og løysingsorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar 
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet

Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som seksjonsleiar SKO 1211  i ltr 79 / 814 900,- til ltr. 82/  888 200- brutto  pr år,-.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar
    (www.spk.no) Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
  • Gode arbeidsvilkår (til dømes fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, bedriftshelseteneste o.l.)

For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggja for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalla minst ein søker i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjer i disse gruppene, det vil seie positivt særbehandlet på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Les meir på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

 

Ref.nr: 22/100003

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.



Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Vestre Strømkaien 7, 5008 Bergen
Bransje
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lillian Borge Bersaas
Stillingstittel
Leiar felles eining for sivil rettspleie Vest pd
Telefon
55 21 84 20
Kontaktperson
Seksjon for HR
Stillingstittel
Spørsmål om elektronisk CV/søknad
Telefon
55 55 63 00
Følg firma
3819 følger dette firmaet

Vestre Strømkaien 7, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 266605305
Sist endret 26. jul. 2022 12:20

Rapporter annonse