Utløpt

Avdelingsleiar beredskap

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogn brann og redning IKS
Stillingstittel
Avdelingsleiar beredskap
Frist
08.08.2022
Ansettelsesform
Fast

Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal, Luster og Vik. Vi dekkjer eit areal på i underkant av 5000km2 og knapt 20 000 innbyggarar. Vi har 5 brannstasjonar, 1 bistasjon og 2 depot og tilsaman 100 tilsette på deltid og heiltid.

Mai 2011 tok me over alle oppgåver med heimel i brannlova, som t.d. søknader om oppskyting/sal av fyrverkeri og oppbevaring av brannfarleg gass/væske, tilsyn med særskilte brannobjekt, feiing og bustadtilsyn, samt beredskap i forbindelse med brann og andre ulykker. Frå juni 2012 fekk vi og ansvar for byggjetilsyn i dei 3 eigarkommunane.

Vår avdelingsleiar beredskap skal i løpet av året gå av med pensjon og vi søkjer no hans etterfølgjar.

Eit brannNorge i endring krev nye kvalifikasjonar og vilje til utvikling av seg sjølv og sine medarbeidarar. Rette kandidaten har evne og vilje til å sjå og nytte trendar og utviklingstrekk i samfunnet for å forbetre og utvikle tenesta.   

Stillinga inngår i selskapet si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Resultat, budsjett og personalansvar
  • Sikre effektiv utnytting av avdelinga sine ressursar
  • Strategi,- mål- og resultatstyring
  • Leiing og koordinering av avdelingas daglege arbeid, bemanningsplanlegging og ressursstyring.
  • Rapporterer direkte til brann- og redningssjefen
  • Rettleie og motivere dei tilsette, utvikle beredskap og innsatsevne
  • Utvikle samarbeidsrelasjonar på tvers av fag og avdelingar og opp mot kommunar og andre naturlege samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

     Du må ha:

  • Relevant høgskuleutdanning på minimum bachelor nivå
  • Leiarutdanning og HR/leiarerfaring (minimum 5års leiarerfaring)
  • Erfaring frå samfunnstryggleiks arbeid
  • Erfaring frå arbeid med risikovurdering og analyse
  • Erfaring med planlegging og styringsverktøy
  • Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • Det finns forskriftsmessige krav til kompetanse. Jf brann- og redningsvesen forskrifta
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Søkar må kunne sikkerheitsklarerast Hemmeleg/Nato Secret og politiattest må leverast før tilsetting.

Vi ønskjer at du har:

  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • Kjennskap til lov- og forskriftskrav for fagområdet
  • Kompetanse om lovverk og spelereglar i arbeidslivet
  • Relevant leiarerfaring innan operative einingar som brannvesen, forsvar, politi eller andre beredskapsaktørar
  • Sertifikat K160 utrykkingskøyring
  • Utdanning innan økonomi

 

Forventningar til deg som leiar

  • Proaktiv
  • Tydeleg
  • Ny-tenkjande og utviklingsorientert
  • God relasjonsbygger, vi legg vekt på personlege eigenskapar
  • Du må vere robust og i stand til å takle endring og travle dagar
  • Initiativrik, motiverande og handlekraftig
  • Strukturert og målbevisst og dyktig til å kommunisere internt og eksternt
  • Du er trygg med å halde føredrag og presentasjonar
  • Høg motivasjon for stillinga. Og om du ikkje er kvalifisert ved tilsetting, kvalifiserer deg for å inngå i vaktordning (overordna vakt), jf krav i brann- og redningsvesenforskrifta. Det er ei forventning at avdelingsleiarar vert ein del av overordna vakt beredskapen.
  • Vi ønsker å knytte til oss personar som kan vere med å påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin faglege og personlege kompetanse, derfor er personleg eignaheit viktig for oss.

 

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Meiningsfull og samfunnsnyttig jobb
  • Fagmiljø med motiverte medarbeidarar
  • Utfordrande leiaroppgåver og store moglegheiter for å utvikle det beredskapsfaglege arbeidet.
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksitid
  • Løn etter avtale
  • Kommunal pensjonsordning (KLP)

 

Annet

  • Den som vert tilsett må forplikte seg til å ta nødvendige kurs ved Norges brannskole. SBRIKS dekkjer kostnadene.
  • Før tilsetting må politiattest visast fram og sikkerheitsklarering vere avklara
  • Kvinner vert oppmoda til å søkje

 

Om arbeidsgivaren

Sogn brann og redning søker motiverte medarbeidarar som er engasjerte. kompetente, opne og pålitelege. Selskapet er framleis ungt og tenesta er i utvikling med omsyn til kvalitet, arbeidsmiljø og mangfold blant dei tilsette. 

Om arbeidsgiveren

Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal, Luster og Vik. Vi dekkjer eit areal på i underkant av 5000km2 og knapt 20 000 innbyggarar. Vi har 5 brannstasjonar, 1 bistasjon og 2 depot og tilsaman 100 tilsette på deltid og heiltid.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Sogndal kulturhus <br/>Hovevegen 2, 6856 Sogndal
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Brannvern

Nøkkelord

brann, beredskap, leiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vidar Trettenes
Telefon
90 03 72 56
Følg firma
58 følger dette firmaet

Sogndal kulturhus <br/>Hovevegen 2, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 260744422
Sist endret 30. jun. 2022 10:09

Rapporter annonse