Utløpt

Lederstilling i forskningsmiljø

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Forskningsadministrativ leiar
Frist
02.06.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Oslo
Om stillinga

Ved Økonomisk institutt (ØI) er det ledig ei fast stilling som forskingsadministrativ leiar (avdelingsleiar SKO 1407). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon som består av 10 personar. For nærare informasjon om instituttet, sjå nettsida vår:  http://www.sv.uio.no/econ/

Forskingsadministrativ leiar er ansvarleg for instituttet sin forskingsadministrasjon og har personalansvar for en rådgiver, en forskingskonsulent og omlag 10  forskingsassistentar. Resten av administrasjonen ved instituttet vert leia av ein kontorsjef. Forskingsadministrativ leiar samarbeider tett med instituttleiinga og forskarar som leiar forskingsprosjekt og med forskarar i søknadsprosessar. Stillinga inngår i Det samfunnsvitskaplege fakultetet sitt forskingsadministrative nettverk (FANE-SV), og me søkjer ein person som også kan vere med å utvikle det forskingsadministrative arbeidet ved fakultetet.

Økonomisk institutt har to senter: ESOP og OFS. Instituttet har fått midlar til utvikling av eit verdsleiande miljø knytt til ESOP. Instituttet har fleire prestisjefulle   ERC-Grants , både Consolidator Grant, Advanced Grant og Starting Grant, og vert partnar i fleire tematiske EU- prosjekt. I tillegg er det fleire store prosjekt finansiert av Forskingsrådet. Forskingsadministrativ leiar er administrativt ansvarleg for alle prosjekta og dette inneber kortsiktig og langsiktig strategisk planlegging, samt dagleg drift og utgiftskontroll.


Arbeidsoppgåver
  •     Leie forskingsadministrasjonen ved Økonomisk institutt 
  •     Personalansvar (rekruttering, opplæring, dagleg oppfølging) 
  •     Identifisere og informere om eksterne finansieringskjelder
  •     Utforming av søknadar og budsjett i tett samarbeid med prosjektleiar og rosjektøkonom
  •     Koordinering og oppfølging av prosjekt, kontraktsinngåing og rapportering
  •     Halde oversikt over forskingsaktiviteten ved instituttet
  •     Leie arbeidet med arrangementsstøtte og sikre nødvendig kommunikasjon og formidling av forskingsprosjekt

Kvalifikasjonskrav 
  •  Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte   utdanningskravet.
  •  Det vil vere ei føremon med kjennskap til økonomifaget.
  •  Erfaring frå forskingsadministrasjon med vekt på søknadar til- og drift av prosjekt frå EU og NFR. 
  •  Relevant leiarerfaring og erfaring med rådgjeving og strategiarbeid
  •  Evne til i stor grad å arbeide sjølvstendig, sjå behov og holde seg oppdatert
  •  Kjennskap til økonomi (budsjettering og rekneskap)
  •  God digital kompetanse og kjennskap til relevante administrative system vil vere ei føremon
  •  God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • har evne til å koordinere andre og kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ og har evne til å motivere forskarar har god tallforståing
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • stilling som avdelingsleiar (stillingskode 1407). Lønn fastsettes etter individuell vurdering av erfaring og kompetanse innenfor et spenn mellom 626 100 og 752 800 kr per år (ltr. 68-77)
  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg stimulerande miljø
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde
  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.


Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.


Kontaktinformasjon

Kontorsjef Olja Toljagic tlf: 47 22 85 56 49, e-post, olja.toljagic@econ.uio.no

Instituttleiar Steinar Holden, tlf: 47 48 28 44 16, e-post, steiner.holden@econ.uio.no


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Økonomisk institutt har vel 90 tilsette og er det største og høgst rangerte instituttet for økonomisk forsking i Noreg. Instituttet tilbyr eit bachelorprogram og to masterprogram med omlag 350 studentar, samt eit doktorgradsprogram med omlag 40 studentar. Instituttet er vert for eit senterfor studier av likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling (ESOP), og eit senter for offentleg økonomi, Oslo Fiscal Studies (OFS).

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
HMS,
Ledelse,
Annet
Følg firma
3805 følger dette firmaet

Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 259181687
Sist endret 21. mai 2022 07:54

Rapporter annonse