Operativ og engasjert dagleg leiar

Arbeidsgiver
Fjordpipe AS - i Eikefjord i Kinn kommune
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
30.05.2022
Ansettelsesform
Fast

Fjordpipe søkjer operativ og engasjert dagleg leiar, som har lyst til å utvikle Fjordpipe vidare, i lag med dyktige medarbeidarar. Som dagleg leiar vil du først og fremst ha ansvaret for å drifte og utvikle avdelinga som rettar seg mot skipsverft og industri. I tillegg kjem oppfølging av prosjekt i VVS avdelinga – som har eigen avdelingsleiar.

Dagleg leiar må kunne jobbe sjølvstendig og ha ansvaret for kontakt med marknaden, og vil ha sterk påverknad på den vidare utviklinga av selskapet. Du vil inngå i eit team med eit engasjerte styre og medarbeidarar.


HOVUDARBEIDSOPPGÅVER:

  • Ha det overordna ansvaret for Fjordpipe sin aktivitet, og leie utviklinga av selskapet.
  • Ansvar for budsjett, sal og anbodskalkulering.
  • Utvikle nye og eksisterande kundeforhold, og jobbe for auka marknadsandel og omsetnad.
  • Oppfølging av prosjekt og kundar.
  • Forvalte selskapet sine menneskelege og materielle ressursar og leie mot dei måla og vedtaka som styret fastset.
  • Legge til rette for god kommunikasjon og dialog med tilsette og kundar, og vere ein god sparringpartnar for prosjektleiarar.
  • Ansvar for å synleggjere, visualisere, talfeste og vidareutvikle Fjordpipe sine mål og strategiar, og kommunisere desse på ein god måte både internt og eksternt.


KVALIFIKASJONAR:

  • Ingeniør / teknisk utdanning
  • Relevant erfaring med kalkulering av anbod og gjennomføring av prosjekt
  • Erfaring med prosjektleiing, økonomistyring og kontraktstrategi / -oppfølging
  • Gode kommunikasjonsevner, omfattande marknadskontakt, kommersiell forståing og etablert nettverk.


PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Strukturert og sjølvgåande med god forretningsforståing.
  • Trivast med høgt tempo og like å jobbe operativt.
  • Positiv, engasjert og høg grad av ansvarskjensle.
  • Kunne motivere og utfordre menneska du jobbar i lag med, og evne å sjå medarbeidarane både fagleg og personleg.
  • Målretta og løysingsorientert – og tydeleg formulering i levering og gjennomføring.


FJORDPIPE TILBYR:

  • Konkurransedyktige lønnsforhold, gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • På sikt sjanse for å bli med på eigarsida.
  • Frivillig bilordning
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel.

Om arbeidsgiveren

Fjordpipe har sidan starten i 1986 basert seg på prefabrikkering og montering av komplette rørsystem til skips- og landbasert industri. Moderne utstyrt verkstad for prefabrikkering av rør og mindre stålkonstruksjonar, og ein stor arbeidsstokk fordelt på arbeidsleiarar, industrirørleggarar, sveisarar og VVS-rørleggarar gjer at vi kan tilby tenester til eit breitt spekter av kundar.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Kvalvika 33, 6940 Eikefjord
Bransje
Industri og produksjon,
Maritim og offshore,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Mekanisk,
Ingeniør / Rør/struktur,
Ingeniør / VVS- og klimateknikk

Nøkkelord

daglig leder, rørsystem, skipsindustri, landbasert industri, VVS

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jon Åge Sande
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
911 76 623
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Kvalvika 33, 6940 Eikefjord

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 257877089
Sist endret 11. mai 2022 11:07

Rapporter annonse