Kulturkommunen Ål søkjer eldsjel!

Arbeidsgiver
Ål kommune
Stillingstittel
Kultursjef
Frist
11.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Ål Kommune

Vil du setje spor i kulturlivet i Hallingdal og skape nye samarbeidsarenaer og nettverk? Brenn du for å gje gode kulturopplevingar til alle Ålingar, Hallingar og tilreisande?

Då er denne jobben noko for deg. Hjå oss finn du ein godt forankra kulturpolitikk, eit godt fungerande idrettsliv, mange arrangement, kulturhus med 30.000 besøkjande per år, ein høgmoderne dansescene og eit spennande residensnettverk.

Som kultursjef vil du få eit overordna og koordinerande ansvar for Kultursektoren. Du vil leie avdelingane bibliotek og kulturhus med 14 flotte tilsette, samt ein kultur- og idrettskonsulent. Du skal vidareutvikle det gode samarbeidet med idretten og kulturlivet i Ål. Me søkjer ein trygg og tydeleg leiar som skapar gode resultat i samhandling med medarbeidarane sine. Me ynskjer oss deg som er kulturelt nysgjerrig og uredd – og som vil jobbe med utvikling av kulturtilbod og nettverk.

Dine oppgåver og ansvar:

  • leiing og drift av verksemdsområdet kultur
  • nettverksarbeid nasjonalt og i regionen
  • tett samarbeid med den politiske leiinga i kommunen og forankring av kulturarbeidet
  • sikre høg aktivitet og kvalitet i tilbod
  • utarbeide og følgje opp ein strategisk og økonomisk berekraftig kulturplan
  • ivareta og vidareutvikle gode relasjonar til lag, organisasjonar, foreiningar og andre samarbeidspartnarar i kommunen

Me ønskjer at du som søkjer har:

  • relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå med vekt på kunst- og/eller kulturfag
  • lang og relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet
  • erfaring innan kunst, kultur, formidling og/eller arrangement
  • leiarerfaring, gjerne med erfaring frå endrings- og utviklingsprosessar
  • erfaring innan økonomistyring
  • erfaring frå kommunal sektor er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Ål har nynorsk som administrasjonsspråk

Personlege eigenskapar:

  • god på relasjonar
  • teambyggjar og lagspelar
  • engasjert, kreativ og utviklingsorientert
  • må evne å sjå heilskap og halde oversikt
  • systematisk og strukturert
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr:

  • ei unik jobbmoglegheit i ein kulturkommune
  • ein utfordrande og spennande leiarstilling
  • stort og engasjert fagmiljø og eit positivt kulturmiljø
  • godt samarbeid i sektoren og på tvers av avdelingane, og du inngår i rådmannen sitt leiarteam
  • moglegheit til å påverke kulturlivet i kommunen og vere med på å skape gode tilbod for innbyggjarane
  • gode utviklingsmoglegheiter
  • løn etter avtale og innmelding i KLP
  • bustadstønad dei første 6 månadane og hjelp til å finne bustad
  • rabatt på treningssenter

Send søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista. Om du ønskjer unnatak, må dette grunngjevast.



Om arbeidsgiveren

Flytt til Ål!
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Torget 1, 3570 Ål
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kultur, kultursjef, leiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karsten P. Dideriksen
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
32 08 50 11
Mobil
99 28 78 99
Følg firma
35 følger dette firmaet

Torget 1, 3570 Ål

Annonseinformasjon

FINN-kode 251643837
Sist endret 19. nov. 2023 17:25

Rapporter annonse