Utløpt

Me søkjer ny leiar for risikostyring og compliance

Arbeidsgiver
Luster Sparebank
Stillingstittel
Leiar for risikostyring og compliance
Frist
03.04.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Luster Sparebank

Me ser etter deg som har interesse for og som ser moglegheiter innan banken sitt risikoarbeid, og som kan bidra til effektivitet, god kultur og verdiskaping innan fagfeltet. Å bidra til kompetanseheving i organisasjonen og utarbeide gode interne rutinar og policyar, samt syte for at desse vert etterlevd, vil vere ein viktig del av arbeidet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Måle og rapportere resultat frå risiko- og compliancearbeidet
  • Overvake banken sitt rammeverk for risiko- og kapitalstyring
  • Bidra til utvikling og kompetanseheving
  • Utarbeide rutinar og policyar innanfor fagområdet
  • Syte for at verksemda til ei kvar tid føl gjeldande lover, forskrifter og regulatoriske krav
  • I lag med styre og leiing definere mål og fokusområde

 

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå risikostyring, compliance eller liknande arbeid som til dømes revisjon eller controller.
  • Forståing for styringssystem og verksemdsstyring
  • God praktisk kjennskap til ulike IKT-verktøy
  • Kjennskap til bank- og finansbransjen er ein fordel.

 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver, og som samstundes bidreg med informasjonsdeling og kompetanseheving gjennom samarbeid innad i organisasjonen.

Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.

 

Me kan tilby

  • Ei fast stilling med spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale


Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus!

Om arbeidsgiveren

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.
Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 25 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er "Saman når me måla dine". Personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er "Personleg, Ansvarleg og Kompetent".

Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
Øyagata 2, 6868 Gaupne
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Controller

Nøkkelord

risikostyring, compliance, kapitalstyring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oddstein Haugen
Stillingstittel
Banksjef
Telefon
57 68 23 23
Mobil
46 97 07 02
Følg firma
1 følger dette firmaet

Øyagata 2, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 249795966
Sist endret 11. apr. 2022 11:28

Rapporter annonse