Utløpt

Er du fagleg dyktig, god på nettverksbygging og har leiarerfaring?

Arbeidsgiver
Museum Vest
Stillingstittel
Leiar for Kystmuseet i Øygarden
Frist
24.02.2022
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Museum Vest søkjer ny leiar ved Kystmuseet i Øygarden. Vi er ute etter ein fagleg sterk person som brenn for kulturhistoria, er flink med folk og har evne til nytenking.

Hovudoppgåva til leiaren er å vidareutvikla Kystmuseet i Øygarden som eit kulturhistorisk museum med sterke band til lokalsamfunn, kultur- og næringsliv i Øygarden. Leiaren sit i leiargruppa i Museum Vest. 


Arbeidsoppgåver
  • Leia den daglege drifta og sørga for eit godt arbeidsmiljø ved museet. Leiar har budsjett- og resultatansvar.
  • Utvikla strategiar, mål og handlingsplanar for Kystmuseet, men også ta del i det overordna planarbeidet i Museum Vest.
  • Leia arbeidet med å forvalta og dokumentera dei samlingane museet har ansvar for.
  • Samarbeida med Øygarden kommune når det gjeld kulturminnevern, reiseliv og kulturtilbod/aktivitetar. Vera bindeledd mellom Museum Vest sine tre museumsarenaer i Øygarden og kommunen.
  • Formidla fagstoff i ulike kanalar. Ta del i utgjevinga av den kulturhistoriske årboka Havstrilen . Vera aktiv i relevante faglege nettverk. 

Kvalifikasjonskrav
  • Relevant utdanning fortrinnsvis på mastergradsnivå innafor kulturvitskap eller historie

Søkjar bør også ha:

  • Erfaring frå museum/ kulturhistorisk arbeid
  • Leiarerfaring/ kompetanse
  • Erfaring/ utdanning innan økonomistyring og administrasjon
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God formuleringsevne på norsk og engelsk. Målforma på Kystmuseet er nynorsk

Vi tilbyr
  • Ei spennande stilling med stort rom for gode initiativ
  • Tilgang til eit breitt fagmiljø
  • Eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
  • Arbeidsstad er Kystmuseet i Øygarden i Ovågen
  • Løn etter tariffavtalen Landsoverenskomsten for museer
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål om stillinga
  • Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Øyvind Stang, mob. 474 62 168 eller oyvind.stang@museumvest.no

Om arbeidsgiveren

Stiftinga Museum Vest blei etablert i 2005 som eit resultat av den nasjonale museumsreforma. I dag omfattar museet Norges Fiskerimuseum, Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene, Bergens Sjøfartsmuseum, Kystmuseet i Øygarden, Herdla Museum, Nordsjøfartmuseet, Fjell festning og Bjørn West Museet.

Musea har havet og kysten som fellesnevnar. Vår visjon er å vere tett på menneskene og livet langs kysten og på havet. Museum Vest hadde i 2021 driftsinntekter på 78 millioner kroner og ca.65 årsverk.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Museumsvegen 9, 5337 Rong
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
75 følger dette firmaet

Museumsvegen 9, 5337 Rong

Annonseinformasjon

FINN-kode 247129564
Sist endret 4. feb. 2022 09:20

Rapporter annonse