Utløpt

Dagleg leiar

Arbeidsgiver
Sogndal IL Fotball
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
13.02.2022
Ansettelsesform
Fast

Me tilbyr ei av dei mest spanande og utfordrande leiarstillingane på Vestlandet, og håpar du er den vi leitar etter!

Me skal etablere arenaer for innovasjon og entre-prenørskap og vidareutvikle samspelet mellom dei frivillige og profesjonelle miljøa. Sportsleg har vi mål om å vere blant dei beste fotballklubbane på herresida i norsk fotball. Utgangspunktet for arbeidet er vår visjon som er utviklingsarena for toppfotball , der kjerneverdiane Ambisiøse og utviklande – inkluderande og ærlege står sentralt.

Som dagleg leiar i Sogndal IL Fotball vil du leia ein klubb og ei verksemd med kunnskapsrike og dyktige tilsette. Du vil få arbeide med motiverte menneske som er opptekne av å skape resultat for klubben. Dagleg leiar si oppgåve er å vidareutvikle organisasjonen og samarbeidet med våre partnarar. Vi søkjer deg som er god på relasjonar og omdømebygging.

Dine viktigaste ansvarsområde vert den overordna daglege drifta, herunder økonomisk styring og rapportering, med tilhøyrande resultatansvar. Som personalleiar er det naturlegvis viktig at du har fokus på å vidareutvikla verksemda organisatorisk, mellom anna gjennom å motivera tilsette, og jobba mot felles mål. Du kjem til å representera klubben utad, og må ha fokus på å etablera gode relasjonar med samarbeids-partnarar og interessentar.

Me er på jakt etter deg som har erfaring som leiar, både personal- og resultatansvar. Du bør evna å arbeide med utviklings- og strategiarbeid. Du bør ha erfaring frå kommersiell verksemd, og kunne visa til gode, oppnådde resultat. Det er sjølvsagt også ein stor fordel om du har bakgrunn frå- eller interesse for- fotball og annan idrett.

Som person må du vera ein framoverlent og nyskapande relasjonsbyggar. Du trivst med å arbeide i team, og har gode kommunikasjonsevner. Du er forretningsorientert og opptatt av å skapa gode resultat saman med andre.

Arbeidsstad er Sogndal.

Ved spørsmål, kontakt styreleiar Jan Rune Årøy (950 44 240) eller ein av våre rådgjeverar hjå Headvisor: Bjørn Horne (911 61 390) eller Janne Siri Horne (90721164).

Send kort søknad med CV innan 13. februar 2022. Spørsmål til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.

Om arbeidsgiveren

Sogndal IL Fotball har sidan 1970-tallet vore ein toppklubb i norsk fotball. Samstundes er Sogndal IL Fotball ein viktig utviklingsaktør i vår region med eit stort samfunnsansvar. Vi skal vere ei drivkraft for utvikling med utgangspunkt i miljøet på Fosshaugane Campus i Sogndal. Det er i alt 20 tilsette og 25 spelarar i organisasjonen. Sogndal IL Fotball omset for ca. NOK 30 mill. For meir informasjon sjå www.sogndalfotball.no

Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Direktør
Sted
TROLLADALEN 30, 6856 Sogndal
Bransje
Idrett og trening
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Ledelse, Økonomistyring, Videreutvikling, Strategisk, Organisasjonsutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
90 72 11 64
Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 16 13 90
Følg firma
2322 følger dette firmaet

TROLLADALEN 30, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 245625526
Sist endret 14. feb. 2022 00:09

Rapporter annonse