Utløpt

BYGGESAKSBEHANDLAR FAST OG VIKARIAT

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
BYGGESAKSBEHANDLAR FAST OG VIKARIAT
Frist
11.02.2022
Ansettelsesform
Vikariat

Har du lyst å vera ein del av eit aktivt og engasjert miljø for utvikling på Voss ?

 

Me søkjer etter byggesaksbehandlar, som vil ha fokus på god og effektiv sakshandsaming og god dialog med innbyggjarane.

Me har ledig 100 % fast stilling og 100% vikariat frå 01.03.22 - 28.02.23.

 

Byggesak er organisert under kommunalavdeling for tekniske tenester.

Kommunen har for tida stor aktivitet innanfor sentrumsutvikling, reiseliv, hyttebygging, fortetting, bustadbygging og næringsutvikling.

 

Me tilbyr

" Ein hektisk arbeidskvardag i ei bygd i utvikling

" Spanande og varierte oppgåver i eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

" Gode vilkår for fagleg utvikling

" Gode forsikrings- og pensjonsordningar

" Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

" Fleksitid

 

Arbeidsoppgåver ved avdelinga

" Behandling av byggje- og delesøknadar etter plan- og bygningslova

" Matrikkelføring

" Behandling av klagesaker

" Tilsyn, oppfølging av ulovlege tiltak mm

" Informasjon og rettleiing av kundar

 

Me ynskjer at du har

" Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan byggfag, arkitektur eller jus.

" Erfaring innanfor plan- og bygningsrett og kjennskap til offentleg forvaltning er ein fordel

" God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform

" Gode samarbeidsevner

" Relevant og lang arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

 

Me tilbyr

- gode vilkår for fagleg utvikling

- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

- gode forsikrings- og pensjonsordningar

- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har
mykje meir å by på!
Heradet har om lag 15.800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår
er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt
langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i heradet. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell,
påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis
går me for å verta verdas beste herad!

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Uttrågata 9, 5700 Voss
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Nøkkelord

Plan, Byggesøknader, Matrikkelføring, Jus, arkitektur

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rolf Hansen
Stillingstittel
Leiar byggesak
Mobil
46 80 80 74
Kontaktperson
Torbjørg Austrud
Stillingstittel
Kommunalsjef
Mobil
91 87 42 00
Følg firma
170 følger dette firmaet

Uttrågata 9, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 245502421
Sist endret 3. mar. 2022 12:56

Rapporter annonse