Utløpt

Dagleg leiar i Hardanger Siderprodusentlag

Arbeidsgiver
Hardanger Siderprodusentlag
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
20.01.2022
Ansettelsesform
Fast

Hardanger Siderprodusentlag søkjer ny dagleg leiar. Hovudoppgåva vert å arbeida for ei vidare utvikling av sidernæringa i Hardanger. 

Du vil ha ei viktig og sentral rolle med å driva organisasjonen sine prosjekt, og vera ein tilretteleggjar/brubyggjar for medlemer og samarbeidspartar.

Dagleg leiar rapporterer til styreleiar.

Me er på jakt etter ein engasjert, positiv og sjølvstendig person som brenn for distriktsutvikling, verdiskaping og lokalmat/drikke.

Er du den me søkjer etter? Då ser me fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver:

•   Dagleg administrasjon,  ansvar for økonomisk drift og utvikling, laget sin kontaktperson

•   Kommunisera med medlemer og marknadsføra laget sine aktiviteter

•   Ansvar for laget sine pågåande prosjekt, samt vera med å utvikla nye

•   Ansvar for oppfølging av samarbeidspartnarar

•   Følge opp offentlege krav og forskrifter      

•   Vera aktiv bidragsytar til førebuing og gjennomføring av arrangement i regi av laget

 

Ønska kvalifikasjonar:

•   Relevant, høgare utdanning  

•   Kompetanse innan økonomi, leiing og samhandling

•   Kompetanse på digitale plattformar og IT-verktøy

•   Forståing for marknadsføring

•   God språkleg framstilling (munnleg og skriftleg). Nynorsk er skriftspråket

•   Kjennskap til Hardanger og særleg næringane landbruk, reiseliv, lokalmat/drikke

 

Personlege eigenskapar:

•   Arbeider sjølvstendig

•   Strukturert, systematisk, beslutningsdyktig, initiativrik og løysingsorientert

•   Serviceinnstilt, positiv og tillitsvekkande med ein involverande og inkluderande stil

•   God relasjonsbyggar


 Personlege eigenskapar vil verta særleg vektlagt.

 

Me tilbyr:

Ein spennande jobb der du vil ha ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikla sidernæinga i Hardanger inn i framtida.

•   Friheit til å påverka eigen arbeidskvardag

•   Løn etter avtale

•   Leiar for eit stolt lag med mange medlemer

•   Kontorplass ved NIBIO Ullensvang på Lofthus i kombinasjon med heimekontor


Ønska oppstart er så snart som mogeleg.

Søknadsfrist 20. januar 2022. 

Om arbeidsgiveren

Hardanger Siderprodusentlag vart oppretta i 2003 og er ein interesseorganisasjon for siderprodusentar og siderinteresserte i Hardanger. Laget har i dag 23 medlemer med statleg og eller kommunalt tilverknadsløyve, samt 25 personlege medlemer.

Laget er involvert i mange spennande prosjekt innan reiseliv, FoU, landbruk med meir. Ein av dei nyaste satsingar til produsentlaget har vore oppretting av Siderklynga Hardanger som er ein sterk samarbeidsplattform og initiativtakar til utvikling og verdiskaping.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
5781 Lofthus
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Jordbruk og skogbruk,
Reise og turisme,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Prosjektledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

ledelse, strategiutvikling, nettverksbygging

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Asbjørn Børsheim
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
911 02 215
Kontaktperson
Olav Bleie
Stillingstittel
Nestleiar
Mobil
480 07 966
Følg firma
2 følger dette firmaet

5781 Lofthus

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 242815709
Sist endret 7. feb. 2022 12:36

Rapporter annonse