Utløpt

Leiar PPT Voss

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Leiar
Frist
10.02.2022
Ansettelsesform
Fast

Det er ledig 100 % fast stilling som leiar ved pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) Voss.

 

Om arbeidsstaden

PPT er ein del av Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst.

PPT Voss dekkjer kommunane Eidfjord, Ulvik og Voss herad. Tenestestad er Voss. Arbeid i dei andre kommunane kan påreknast.

 

PPT Voss har eit stort og breitt fagmiljø med 9 fagstillingar og merkantile støttefunksjonar.

 

Rådgjeving, førebygging og tidleg innsats står sentralt i tenesteoppgåvene, i tillegg til ivaretaking av rolla som sakkunnig instans.

 

Tenesta står framfor endring i samband med samlokalisering med andre tenester i heradet der målet er tettare fleirfagleg samarbeid. Stillingsinnhald kan bli endra som følgje av ny organisering.

 

Arbeidsoppgåver

Leiar for PPT har den daglege/faglege- og administrative leiinga av tenesta i samsvar med Opplæringslova, Lov om barnehage, avtalar, ressursrammer og i tråd med gjeldande styringsdokument for Voss herad.

 

PPT-leiar vil i tillegg til PPT-tilsette også få fagleg og administrativt ansvar for kommunale logopedar, eit skuleteam kalla "Meistringsteamet" og spesialpedagogisk team for barnehage.

 

Leiar har personalansvar og fagleg ansvar for tilsette ved kontoret. PPT-leiar rapporterer til leiar for Barne- og familietenestene og kommunalsjef for Oppvekst. Stillinga medfører også ansvar for budsjett- og økonomistyring.


Me søkjer

Fagleg kompetanse:

- Leiarkompetanse

- Kompetanse innanfor psykologi, spesialpedagogikk eller pedagogikk

- Erfaring frå PPT og/eller skule og barnehage

- Relevant leiarerfaring og/eller rådgjevarerfaring frå PPT

- God munnleg og skriftleg framstillingsevne

- Gode kunnskapar i norsk, Voss herad nyttar nynorsk som målføre

 

Personlege eigenskapar:

- Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt

- Gode samarbeidsevner vert vektlagt

- Du har endringskapasitet, er løysingsorientert og kan arbeide målretta

- Kunne inspirere til - og leie endringsprosessar

- Evne til å profilere PPT på ein postiv måte

- Kunne inspirere og rettleie medarbeidarane

 

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

 

Me tilbyr

- Gode vilkår for fagleg utvikling

- Eit godt fagleg og sosialt miljø

- PPT disponerer eigne bilar

- Gode forsikrings- og pensjonsordningar

- Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Voss herad har om lag 15.800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i heradet. Verdiar våre: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Uttrågata 9, 5700 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Nøkkelord

ledelse, rådgjeving, personalleder, pedagogikk, psykologi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Roger Stien
Stillingstittel
Leiar for barne- og familietenestene
Mobil
90 18 46 80
Følg firma
170 følger dette firmaet

Uttrågata 9, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 242523457
Sist endret 2. feb. 2022 10:40

Rapporter annonse