Utløpt

Rektor Sunnhordland folkehøgskule

Arbeidsgiver
Sunnhordland folkehøgskule
Stillingstittel
Rektor
Frist
27.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sunnhordland folkehøgskule

Vil du bli vår nye rektor?

Sunnhordland folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule, basert på Grundtvig si folkehøgskuletenking og hans tru på mennesket som ei vedunderleg gåte. Skulen legg vekt på estetiske fag med linjefaga Spilldesign, Game art & design, Kunst +, Musikkproduksjon, Musikk og Skuespiller. I tillegg har vi eit andre år for elevar som ynskjer å lage ei spelbedrift. Dei ulike linjene glir godt saman og opnar for mange spennande samarbeid gjennom året. Vi legg vekt på kreative prosessar, tverrfagleg samarbeid, danning og personlig utvikling i eit heilskapleg læringsmiljø.

Skulen er heile tida i utvikling og var til dømes den første folkehøgskulen som starta med fag som spilldesign og game art. Vi har plass til rundt 100 elevar, har god søknad og eit stabilt personale med høg fagleg kompetanse. I sommarhalvåret blir lokala utleigd til leirar og arrangement.

Sunnhordland folkehøgskule er eigd av Foreininga Sunnhordland folkehøgskule. Nynorsk er administrasjonsmål.

Ledig frå 1. august 2022.

Om stillinga

  • Øvste pedagogiske leiar ved skulen med personal- og økonomiansvar
  • Overordna ansvar for å drifte skulen i tråd med skulen sin visjon, målsetting og gjeldande lovverk, i samarbeid med styret
  • Vere pådrivar for og leie vidareutviklinga av skulen og fagtilbodet
  • Ansvar for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette
  • Ansvar for rekruttering av elevar
  • Ansvar for forvaltninga av skulen sine bygningar

Kvalifikasjonar 

  • Relevant høgare utdanning
  • Kompetanse og erfaring innan strategi og leiing
  • Undervisningserfaring
  • Fordel med erfaring frå folkehøgskulen

Personlege eigenskapar

  • Pågangsmot, initiativ og evne til å vidareutvikle skulen og fagtilbodet
  • Evne til å motivere, inspirere og vere samlande overfor pedagogisk og praktisk personale
  • Motivasjon for og glede ved å jobbe med ungdom
  • Stor arbeidskapasitet
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert jobb saman med engasjerte og dyktige medarbeidarar og motiverte ungdommar.
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

Om arbeidsgiveren

Sunnhordland folkehøgskule ligg vakkert til med utsikt mot hav og fjell ytst i Hardangerfjorden på Halsnøy i Sunnhordland i Kvinnherad kommune. Skuleanlegget har gode fasilitetar med høvelege undervisningsrom og eit fint uteområde med tilgang til sjøen.

Det er god korrespondanse til Stord, Flesland og Bergen med båt, og vi har fastlandssamband via tunnel til resten av kommunen vår, Kvinnherad. Kommunen har særs fine område for friluftsliv, både til fjells og til sjøs og er òg kjend for Rosendal med sitt baroni og sine konserter.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Leder
Sted
Naustvikvegen 26, 5455 Halsnøy kloster
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

rektor, ledelse, folkehøgskule, folkehøgskole, Sunnhordland folkehøgskule

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor Bjelland
Stillingstittel
styreleiar
Mobil
91 61 11 13
Følg firma
20 følger dette firmaet

Naustvikvegen 26, 5455 Halsnøy kloster

Annonseinformasjon

FINN-kode 242377798
Sist endret 31. jan. 2022 15:00

Rapporter annonse