Barnevernsleiar
Osterøy kommune
- Frist 9.1.2022
Osterøy kommune søkjer barnevernsleiar
Barnevernsleiar
Vil du vere med å utvikle vår barnevernteneste? Barnevernsleiar går av med pensjon og me søkjer etter hennar erstattar. Du vil vere med og bygge og ta tenesta inn i framtida.
Ønskjer du å bidra til at barn og unge i Osterøy kommune får den hjelpa dei treng? Vil du vere ein del av eit engasjert og levande arbeidsmiljø? Då kan du vere personen vi søkjer!
Osterøy barnevernteneste lyser ut ein fast 100% stilling som barnevernsleiar. Barneverntenesta har i dag 8 årsverk og er ein del av Familiens hus, til liks med PPT, Osterøy helsestasjon og lågterskeltilbodet Barn- og familieteamet. Den fysiske og organisatoriske samlokaliseringa av desse tenestene i Familiens hus, har i fleire år sytt for godt samarbeid mellom leiarane og mange synergiar som har kome både dei tilsette og kommunen sine innbyggjarar til del.
Familiens hus er plassert i sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Vår barnevernteneste har fokus på tidleg innsats, og ønskjer derfor i tillegg å fylgje opp einskildsaker, og bidra på systemnivå i høve til satsing på førebyggjande arbeid for alle barn i tråd med ny barnevernlov/oppveksteform som trer i kraft 01.01.2022. Familiens hus er lokalisert i nye, fine lokale i Lonevåg sentrum, om lag 30 minutters køyretur frå Åsane.
Arbeidsoppgåver:
- Personal, økonomi og fagansvar
- Informasjon og rapportering
- Drift av tenesta ut i frå lov om barnevernteneste
- Internkontroll, kvalitetsarbeid og utvikling
- Rekruttering av personale
- Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon
- Tett tverrfagleg samarbeid med kommunen sine øvrige tenester til barn og unge og deira familiar , der fokus er å sjå familien i eit heilskapleg perspektiv.
Kvalifikasjonskrav:
- Høgare utdanning innan helse og sosial, evt anna relevant utdanning, fortrinnsvis på masternivå eller tilsvarande
- God kunnskap og relevant arbeidserfaring frå barnevernet
- Leiarerfaring med dokumenterte resultat
- God kjennskap til lov og avtaleverk i offentleg sektor
- Sertifikat kl B.
- Gode datakunnskaper, skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Ønska kvalifikasjonar:
- Vidareutdanning i barnevernleiing
- Anna relevant vidareutdanning innan leiing
- Vidareutdanning/kompetanse innan organisasjon, leiing og økonomi
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som:
- Kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du er teamorientert og ha gode samarbeidsevner
- Har engasjement, høg grad av fleksibilitet, evne til refleksjon og å kunne stå i krevjande komplekse situasjoner
- Har evne til heilskapleg tenkjing og effektiv ressurforvatning
- Har god dialog- og relasjonskompetanse
- Er fleksibel, strukturert, løysingsorientert
- Har ei positiv haldning, sjølv i ein hektisk kvardag
Personlege eigenskapar vil verte vektlagd i tilsetjingsprosessen.
Vi tilbyr:
- Ein spanande jobb i ein kommune med heilskapleg satsing på barn/ungdom og deira familiar
- Eit høgt fagleg nivå med fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving
- Godt kollegialt sammarbeid med andre leiarar
- Løn etter avtale
- Fleksitid
- God pensjons-/ og forsikringsordning
Anna informasjon:
Dersom du tek i mot stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3md. jf. Barnevernloven.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Controller, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 242079760
- Sist endret