Utløpt

Rektor ved Vang barne - og ungdomsskule - 100 % årsvikariat

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Rektor ved Vang barne - og ungdomsskule- 100 % årsvikariat
Frist
26.12.2021
Ansettelsesform
Vikariat

Vang kommune har frå nyåret 2022 ledig rektorstilling ved Vang barne - og ungdomsskule - 100 % vikariat for omlag 1 år. 

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10.klasse. Skulen er fulldelt og har omlag 170 elevar og 44 tilsette. Skulen framstår som ny og moderne med flotte fasilitetar, ein stabil og god lærar - og medarbeidarstab og høg trivsel!

Skulen har SMART-oppvekst som satsingsområde, og er godt i gang med implementering av ny læreplan.

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåvene vil vere: 

  • Ansvar for fagutvikling på skulen
  • Ansvar for ressursbruk på skulen
  • Ansvar for personalleiing på skulen
  • Syte for at gjeldande lov og avtaleverk og kommunale vedtak blir fylgt opp på skulen
  • Fagleg ansvar for arbeidet på, og utviklinga av, skulen
  • Ansvar for budsjett, og oppfølging av rekneskap
  • Rettleiingsansvar for elevar
  • Sikre rutiner for elevane sine rettar
  • Deltaking i leiarmøter i etaten
  • Følgje opp HMS-arbeidet

Kvalifikasjonar

  • God pedagogisk kompetanse, samarbeidsevne og høg relasjonell kompetanse
  • God kommunikasjonsevne og evne til å vere løysingsorientert
  • Ynskjeleg med skuleleiarerfaring og gjerne leiarutdanning
  • Tydelig, ryddig og strukturert
  • Er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
  • Er innstilt på å medverke til eit godt skulemiljø
  • Kjennskap til relevant lov - og avtaleverk
  • Har god IKT -kompetanse

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
  • tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande lærarteam
  • faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor. Godkjent politiattest skal leverast før tiltreding.

Om arbeidsgiveren

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 


 


Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.


Vi gjer merksam på at  søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Undervisning og pedagogikk,
Ledelse

Nøkkelord

rektor, barneskole, leder, lærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marta Bjørnøy Lalim
Stillingstittel
Kommunalsjef Utdanning og kultur
Telefon
97 75 66 65
Følg firma
24 følger dette firmaet

Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 241042644
Sist endret 6. des. 2021 21:06

Rapporter annonse