BESATT

Vikariat informasjonsleiar i Bergen og Hordaland Turlag, DNT

Arbeidsgiver
Bergen og Hordaland Turlag
Stillingstittel
Informasjonsleiar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med BERGEN OG HORDALAND TURLAG /DEN NORSKE TURISTFORENING DNT

Vår dyktige informasjonsleiar skal ut i pappapermisjon, og vi søker ein vikar med oppstart frå 15. april (mogleg oppstart allereie 15. mars) til 31. oktober 2022. Bergen og Hordaland Turlag er Vestlandets største friluftsorganisasjon og nest største foreining i Den Norske Turistforening (DNT).

Vikariat i 100% stilling.

Vi er på jakt etter ein person som har lyst til å bidra til å inspirere folk til å kome seg ut på tur og anerkjenne våre frivillige og organisasjonen vår. Ei sentral oppgåve er å vere redaktør for medlemsbladet Sti og Varde som kjem ut fire gonger i året. Du vert ansvarleg for to av desse utgåvene, samt å sikre relevant stoff for framtidige utgjevingar. Vi har også planlagt å lage to utgjevingar av inspirasjonsmagasinet Ut på tur som går som vedlegg til Bergens Tidende. 

Som informasjonsleiar er du også ansvarleg redaktør for nettsidene og våre sosiale medier, Turboposten, brosjyrer, og videoproduksjonar.

Som informasjonsleiar har du det overordna ansvaret for vår marknads- og kommunikasjonsplan. Det er eit tett samarbeid med marknadskoordinator og planane for 2022 er i stor grad avklart. Til jobben ligg også kontakt og oppfølging av media i samarbeid med kollegaer både regionalt og nasjonalt.

Informasjonsleiar deltar i ei utvida kommunikasjonsgruppe med fagansvarleg i DNT sentralt og dei andre store medlemsforeiningane. Dette er eit spennande nettverk med mykje kunnskap om formidling og marknadsføring. Stillinga er også ein del av beredskapsteamet i Bergen og Hordaland Turlag.

Informasjonsleiar rapporterer til dagleg leiar.

 

Ønska kvalifikasjonar og eigenskaper vi ser etter;

·      Høgare utdanning og relevant arbeidserfaring

·      Kunnskapar innan stillfoto og videoproduksjon

·      Erfaring frå journalistikk og redaksjonelt arbeid

·      Gode samarbeidsevner

·      Sterk formidlingsevne både skrifteleg og munnleg

·      Har eit brennande engasjement for friluftsliv og natur

·      Sjølvstendig

 

Kva tilbyr vi?

 

·      Spennande oppgåver, turar, folk og inspirasjon

 

·      Å få jobbe for ein organisasjon som arbeider målretta for å betre klimaet, miljøet og naturgrunnlaget vårt 

 

·      Samarbeide med dyktige og engasjerte kollegaer og frivillige

 

·      Bidra til styrke folkehelsa, frivilligheit og friluftslivet

 

Vi sørger for ein god overlapp på ein månad med noverande informasjonsleiar i oppstart. Ved rette kandidaten kan vi sjå på moglegheita for 80% stilling om det er ynskjeleg.

 

For spørsmål, ta kontakt med informasjonsleiar André Marton Pedersen eller dagleg leiar Helene Ødven, sjå kontaktinformasjon nedanfor.

Om arbeidsgiveren

Bergen og Hordaland Turlag er Vestlandets største interesseorganisasjon for friluftsliv med over 31.000 medlemmar. Organisasjonen vart grunnlagt i 1890. Bergen og Hordaland Turlag er tilknytta Den Norske Turistforening (DNT). Foreningens formål er å legge tilrette for eit aktivt, enkelt og naturvenleg friluftsliv, og sikre kultur- og naturgrunnlaget vårt.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Fagleder
Sted
Tverrgaten 4-6, 5037 Bergen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Markedsføring og annonsering,
Medie- og innholdsproduksjon,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Foto, lyd og lys,
Journalist,
PR og informasjon

Nøkkelord

Nyhetsaker, Organisasjonssaker, Turtips, Inspirasjon, Pressemeldinger

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helene Ødven
Stillingstittel
Dagleg leiar
Telefon
98 24 98 08
Mobil
98 24 98 08
Kontaktperson
André Marton Pedersen
Stillingstittel
Informasjonsleiar
Telefon
55 33 58 23
Mobil
95 23 82 72
Følg firma
233 følger dette firmaet

Tverrgaten 4-6, 5037 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 240942458
Sist endret 16. jan. 2022 22:32

Rapporter annonse