Utløpt

Vil du verta CFO i eit av pionèrselskapa innan lakseproduksjon?

Arbeidsgiver
Lingalaks AS
Stillingstittel
Chief Financial Officer
Frist
12.12.2021
Ansettelsesform
Fast

Vestlandsfjordane er kjent for vakre og dramatiske fjell, brear, fossar og fisk. I desse unike områda har Lingalaks laga kvalitetslaks for verdsmarknaden i fleire generasjonar. Det er her me bur. For å nå FN sine berekraftsmål innan 2030 er vi avhengig berekraftig matproduksjon og vi må fokusere på ei trippel botnlinje - profitt, planet og menneske. Hjå oss kallar vi det folk, fjordar og fisk. Vi meiner verksemder som er berekraftige over tid vil utkonkurrere dei mindre berekraftige, målt i både marknadsverdi og rekneskapstal.

Lingalaks produserer matfisk i eit av dei flottaste områda i verda, og vi har eit stort ansvar.  Både når det gjeld å produsera mat som er viktig for folks liv og helsa, men også for ta vare på fjordane og halda oppe levedyktige lokalsamfunn. Vi skapar difor varige verdiar gjennom berekraftig produksjon av laks. I dag driv vi matfiskproduksjon under naturlege forhold frå våre 16 lokalitetar i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy. Vi har 11 konsesjonar og er deleigar i ei rekkje andre selskap. Omsetninga i Lingalaks var i 2020 på omlag 640 mnok.

Lingalaks har alltid lagt i forkant av utviklinga og har eit tett samarbeid med leiande forskings- og teknologimiljø. Eit av dei siste prosjekta våre er Stadionlaks, eit lukka anleggssystem laget på ein banebrytande måte. Våre 50 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka produksjonen vår i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.

No skal vi vidare, og ønsker å forsterke laget med ein CFO.

Som CFO vil du ha ei nøkkelrolle i utviklinga av Lingalaks og inneha ei sentral rolle i leiargruppa til selskapet. Du vil ha overordna ansvar for å leia og vidareutvikla økonomifunksjonen i konsernet mellom anna hovudansvar for heile økonomifeltet, inklusive lovpålagt rekneskapsrapportering, rapportering til styret etc. Som CFO vil du òg ha personalansvar for økonomi- og finansteamet som i dag tel 5 medarbeidarar.

Sentrale ansvarsområder:

  • Skape gode resultat gjennom kontinuerleg forbetring og effektiv drift
  • Målstyring og rapportering
  • Rekneskap, budsjett og prognosar
  • Finansiell- og forretningsmessig styring
  • Likviditetsstyring, finansiering og kapitalallokering
  • Styrearbeid og oppfølging av strategiske prosjekt
  • IT-system og selskapsadministrasjon

Vi ser etter kandidatar som har:

  • God teknisk forståing/kunnskap og interesse for industriutvikling og produksjon
  • Sterk forretningssans, gjennomføringsevne og erfaring med å drive endrings- og betringsprosessar
  • Sterke leiareigenskapar, og lang erfaring innanfor dei tradisjonelle økonomi- og finansområda

Vi tilbyr:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
  • Ein kultur med fokus på berekraft, miljø og fiskevelferd
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – store moglegheiter til å  påverka og bidra i den vidare utviklinga til selskapet
  • Svært dyktige kollegaer og medarbeidarar

Arbeidsstad:

Lingalaks sitt hovudkontor er i Norheimsund, men arbeidsstad kan tilpassast kandidaten.

Kontakt:

Ved spørsmål, kontakt vår rekrutteringsrådgjevar i Headvisor; Janne Siri Horne tlf. 907 21 164. Kortfatta søknad med CV sendes snarast og innan 12. desember 2021. Henvendingar til vår rådgjevar vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.

Om arbeidsgiveren

Lingalaks produserer matfisk i eit av dei flottaste områda i verda, og vi har eit stort ansvar. Både når det gjeld å produsera mat som er viktig for folks liv og helsa, men også for ta vare på fjordane og halda oppe levedyktige lokalsamfunn. Vi skapar difor varige verdiar gjennom berekraftig produksjon av laks. I dag driv vi matfiskproduksjon under naturlege forhold frå våre 16 lokalitetar i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy. Vi har 11 konsesjonar og er deleigar i ei rekkje andre selskap. Omsetninga i Lingalaks var i 2020 på omlag 640 mnok.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
5600 Norheimsund
Flere arbeidssteder
  • 5020 Bergen
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Industriutvikling, Produksjon, Forretningssans, Likviditetsstyring, Finansiering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
90 72 11 64
Følg firma
2317 følger dette firmaet

5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 239232295
Sist endret 13. des. 2021 00:08

Rapporter annonse