Utløpt

Hardanger og Voss museum søkjer leiar for museumsavdelinga ved HFS - vikariat

Arbeidsgiver
Hardanger og Voss museum avd. Hardanger fartøyvernsenter
Stillingstittel
Avdelingsleder
Frist
06.12.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med STIFTINGA HARDANGER OG VOSS MUSEUM

Hardanger og Voss museum søkjer

Leiar for museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter – vikariat

100% stilling frå snarast til 1.2. 2023

Museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter har ei allsidig drift. Me forvaltar tradisjonell maritim handverkskunnskap, fartøy og båtar, og driv formidling til eit breitt publikum i form av aktivitetsbasert formidling, utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg og kurs. Me leiger ut båtar og fartøy og driv kafé og servering. Museumsavdelinga har om lag 10 fast tilsette, og fleire sesongtilsette. 

Hovudoppgåva til avdelingsleiar er å fylgja opp, koordinera og vidareutvikla alle desse varierte driftsområda, saman med dei tilsette, frivillige/venelag og eksterne samarbeidspartar. 

Viktige arbeidsoppgåver er:

  • Fagleg og administrativt ansvar for museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter. 
  • Budsjett-, resultat- og personalansvar.
  • Planleggja, fylgja opp og gjennomføra avdelinga sine oppgåver og prosjekt
  • Søknadsarbeid og rapportering
  • Samarbeid og vidareutvikling

Me søkjer etter ein strukturert, inkluderande og trygg leiar som har forståing for museet sitt samfunnsoppdrag, er målretta og kommuniserer godt. Universitets- eller høgskuleutdanning innan relevante fag er eit krav, samt kapasitet til å fylgja opp og koordinera mange og varierte arbeidsoppgåver. Søkjarar bør ha relevant erfaring frå museumsfagleg/kulturfagleg arbeid og leiarerfaring. 

Avdelingsleiar rapporterer til direktør i Hardanger og Voss museum og inngår i leiargruppa for Hardanger og Voss museum. Det må påreknast noko reiseverksemd, samt helge- og kveldsarbeid. Kontorstad er Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund.

Museet tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Løn i tråd med tariffavtale i Virke og lønspolitisk plan. 

Om arbeidsgiveren

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum der desse institusjonane er med: Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.
Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og avdelingane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Sandvenvegen 56B, 5600 Norheimsund
Bransje
Kunst og kultur,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse

Nøkkelord

avdelingsleder, museum, kultur, maritime håndverk, maritim kultur

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åsmund Kristiansen
Stillingstittel
Direktør
Mobil
91 74 68 11
Kontaktperson
Heidi Richardson
Stillingstittel
Avdelingleiar
Mobil
41 26 06 97
Følg firma
30 følger dette firmaet

Sandvenvegen 56B, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 239005628
Sist endret 29. des. 2021 11:20

Rapporter annonse