Utløpt

Er du en kraftfull leiar, vil du ta Valle til nye høgder?

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør
Frist
15.12.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med - Skagerak Consulting AS

Kommunedirektør - Valle kommune

Valle kommune er ein kraftkommune – i vidaste forstand! Her nyttar vi den krafta som er i vassdrag og vassfall, og vi henter kraft i den ville og vakre naturen. Vi har ei sterk kulturell skaparkraft som er nedarva gjennom generasjonar, og ikkje minst har vi krafta som frigjerast i folk når vi samlar oss om å nå felles mål!

Valle har i dag eit godt tenestetilbod som vi vil fortsette å styrke og forbetre. No ser vi etter ein leiar som vil ta kommunen eit skritt vidare, ein engasjert kommunedirektør som vil ‘gå den ekstra mila’ for at Valle skal vere ein god stad å leve, arbeide og bu for unge og eldre. Vår ny kommunedirektør bør ha eit bevisst fokus på utvikling av lokalsamfunnet og leggje vinn på å stimulere slik at kommunen har eit variert næringsliv og at det kan skapast fleire arbeidsplassar i regionen – noko som igjen kan gje folketalsauke.

Som kommunedirektør i Valle vil du få som oppgåve å sørgje for god styring slik at tenesteytinga er effektiv og serviceorientert. Du er bevisst rolla di og trivst i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du har forståing for kommunal forvaltning, men like viktig er evne og vilje til å leia endrings- og utviklingsprosessar. Om du har erfaring frå eller kjennskap til næringslivet, er det ein fordel.

Vi ønskjer oss ein tydeleg og forståelsesfull leiar som klarer balansen mellom strategisk leiing, kontroll og tillit. Du motiverer, gir ansvar og støttar opp slik at vi når dei målsettingane vi har sett oss. Du evnar å sjå eit stykke fram i tid, men forstår òg kva vi må gjere i dag for komme dit vi vil. Er du ein leiar med høg integritet som kan gje innhald og meining til slagordet vårt Gjestfrie for nye tankar? Vil du stå på til beste for innbyggjarane i Valle kommune og bidra til å styrka regionalt samarbeid med fokus på Setesdal? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
 

Ansvar og oppgåver

  • Vidareutvikle og tilpassa kommunen sine tenester i dialog med politisk leiing, innbyggjarane, medarbeidarane og organisasjonane deira
  • Sjå til at saker som skal til politisk handsaming blir greidd ut på ein god måte, samt at politiske vedtak blir gjennomført
  • Styre økonomi og drift på ein god og effektiv måte, som sikrar driftsbalanse og økonomisk handlingsrom
  • Bidra til at vi til ei kvar tid har rett organisering og fagleg kompetanse som er tilpassa arbeidsoppgåvene
  • Vere engasjert og proaktiv i samspelet med næringsaktørar og samarbeidspartnarar i regionen
  • Styrke omdømmet vårt som ein attraktiv kommune for næringsutvikling, busetjing, oppvekst og turisme
  • Ha det overordna personalansvaret for kommunen sine tilsette
     

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskole/universitet, gjerne med utdanning innan organisasjon og leiing
  • Kommunal forvaltningskompetanse/erfaring er ein fordel
  • Juridisk og økonomisk kompetanse er ein fordel
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd med dokumenterte gode resultat
  • Erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid
  • Forståing for samfunns- og næringsutvikling og grensesnitta mellom politikk og administrasjon
  • Interesse for konsesjonskraft


Vi ser etter deg som er

  • trygg, tydeleg, positiv og truverdig – du går foran som eit godt førebilete.
  • god på relasjonar og samspel – du møter alle med respekt og likeverd, og kommuniserer på ein måte som skapar tillit.
  • likar å leie folk og prosessar – du legg vekt på å vere til stades og tilgjengeleg for medarbeidarar  og samarbeidspartnarar.
  • målretta, systematisk og strukturert – du har god evne til å ta rette prioriteringar i forhold til tildelte rammer.
  • dyktig på ta avgjerder – du har god gjennomføringsevne.
  • god til å finne løysingar i fastlåste situasjonar – du tar tak når det trengs.
  • opptatt at vi skal ha ein sterk VI-kultur og godt arbeidsmiljø – du bidrar med arbeidsglede og godt humør.
     

Vi tilbyr

  • ei spanande stilling som toppleiar med moglegheiter til å påverke utviklinga av lokalsamfunnet og regionen.
  • samansette og meiningsfylte oppgåver.
  • eit spennande fagleg miljø i utvikling.
  • bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum.
  • svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • vakker natur og gode kultur- og fritidstilbod.
  • barnehage og SFO med vekt på friluftsliv og aktivitet, og full kulturskuledekning.
  • ei triveleg bygd å bu i.

Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.

Vil du vite meir som stillinga, er du velkomen til å kontakte våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Anne Hilde Hals tlf. 982 13 005, Jan Sebjørnsen Storstein tlf. 950 09 444 eller ordførar i Valle Steinar Kyrvestad på tlf. 901 01 946.

Fram til søknadsfristen vil alle førespurnader om stillinga bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg òg overfor oppdragsgjevar.

I samsvar med Offentleglova §25 kan du søkje om å bli unntatt frå offentleggjering. Du må grunngi ynsket. Om ynsket ikkje blir innvilga, vil du bli varsla slik at du kan få moglegheit til å trekkje søknaden. Vi gjer merksam på at unntak fra offentleggjering kan gjerast om i ei eventuell klagesak.

Skagerak Consulting AS er eit unikt, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skapa varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Arbeidet vårt er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og ein god porsjon sunn fornuft. Les meir om Skagerak Consulting her: skc.no

For å unngå bedrageriforsøk vil vi presisere at vi aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Valle kommune ligg i hjartet av Setesdal, midt i dei vakre Setesdalsheiane med kort veg til Rogaland og Telemark og berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to livlege bygdesentrum, Valle og Rysstad med eit variert næringsliv og eit godt utdanningstilbod. Vi kan by på eit svært rikt kulturliv og har gode tilbod innanfor idrett, fjellsport og friluftsliv. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kontor og administrasjon,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi

Nøkkelord

kulturkommune, kraftkommune, rådmann, Kommuneøkonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Hilde Hals
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
98 21 30 05
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Jan Sebjørnsen Storstein
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
95 00 94 44
Følg firma
2855 følger dette firmaet

Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle

Annonseinformasjon

FINN-kode 238800503
Sist endret 17. nov. 2021 09:54

Rapporter annonse