Utløpt

Sjef Sivilforsvaret

Arbeidsgiver
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Stillingstittel
Sjef Sivilforsvaret
Frist
15.11.2021
Ansettelsesform
Fast

DSB søkjer sjef til Sivilforsvaret. Stillinga har ei særs sentral rolle i vidareutvikling av medarbeidarar, materiell og ressursar over heile landet til innsats for eit tryggare Noreg. Vi søkjer deg som har særleg relevant og lang erfaring innanfor samfunnstryggleik. 

Arbeidsoppgåver

Sjef Sivilforsvaret har ansvar for den daglege leiinga av Sivilforsvaret, og skal levere beredskap både i kvardagen og under kriser. Sivilforsvaret er ein viktig del av totalforsvaret av Noreg, og er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Sivilforsvaret er ein humanitær organisasjon, og hovudoppdraget er å beskytte befolkninga i krise og krig. I fredstid skal Sivilforsvaret sørgje for at det blir oppretthalde god beredskap i heile landet, og trår til som forsterking når naudetatane treng ekstra ressursar. Fleirtalet av dei tilsette er fordelte på 20 lokalitetar, som kvar blir leia av ein distriktssjef. Den aller viktigaste ressursen er dei tenestepliktige, som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Eit eige kompetansesenter syter for utdanning og opplæring.

Vår nye leiar må evne å utvikle alle nivåa i Sivilforsvaret, og sjå til at oppdrag blir løyste innanfor rammene som løyvande styresmakter og DSB har sett for verksemda. Du får eit vesentleg resultatansvar og må levere på ei rekkje ulike oppdrag.

Sivilforsvaret har regional struktur. Lokal kunnskap og forståing vil difor vere grunnleggjande for å løyse oppdrag i Sivilforsvaret. Ei viktig oppgåve blir å vidareutvikle samhandling og samarbeid, for på den måten å gje Sivilforsvaret størst mogleg synlegheit og slagkraft, også nasjonalt og potensielt internasjonalt.

Sjef Sivilforsvaret rapporterer til direktør DSB. Du blir samstundes strategisk rådgivar for direktøren i saker som gjeld totalforsvar. Du skal bidra aktivt både i krisehandsaming og med rådgiving i leiinga, òg i saker der Sivilforsvaret ikkje har direkte oppdrag.    

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant mastergrad. Bachelorgrad og særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT
  • solid leiarerfaring med personalansvar, fortrinnsvis frå sivil sektor
  • god operativ og beredskapsfagleg forståing
  • erfaring frå omstillings- og endringsprosessar
  • særs god kjennskap til offentleg forvalting og innsikt i politiske arbeidsprosessar
  • erfaring frå arbeid med samfunnstryggleik på leiarnivå
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • tryggleiksklarering før tiltreding

Sjef Sivilforsvaret må ha god rolleforståing og forankre retning og saker med direktøren for DSB, vere god på å følgje og vidareutvikle verdiane som DSB står for, og kunne sjå oppdraga til Sivilforsvaret i samanheng med og som del av den samla porteføljen til DSB.

Det er ønskjeleg at du har

  • erfaring frå internasjonalt arbeid
  • kunnskap om dei internasjonale pliktene som Noreg har, særleg gjennom EØS og NATO
  • erfaring frå mediehandsaming og foredragsverksemd
  • kontaktnett i beredskaps-Noreg

Forventningar til deg som leiar i DSB
Medarbeidarane er den viktigaste ressursen DSB har. I denne leiarstillinga får du ansvar for leveransar som krev at du er utprega samarbeidsorientert, følgjer opp medarbeidarane dine og gjev dei tilbakemeldingar. Du må stimulere til utvikling åleine og saman med kollegaer.

Som leiar i DSB skal du bidra til at vi er ein moderne og profesjonell organisasjon som leverer på samfunnsoppdraget vårt. Du må vere strukturert, målbevisst og flink til å kommunisere både internt og eksternt. 

Den nye avdelingsdirektøren vår får

  • spanande og varierte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • årsløn frå kr 1 100 000 til 1 450 000, stillingskode 1060 (avdelingsdirektør). Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Om å jobbe i DSB

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er pådrivar for at heile samfunnet førebyggjer mot alvorlege hendingar, tenkjer beredskap og har planar og system for det som kan gå gale. Målgruppene våre er frå stat til individ. Ein stor del av oppdraget vårt er å hjelpe Justis- og beredskapsdepartementet, og bidra til at alle ressursar spelar saman. Eit tett samarbeid med Forsvaret, næringslivet og alle styresmaktsnivå er suksesskriterium i arbeidet.

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og vi er del av inkluderingsdugnaden. Vi håpar derfor at også kvalifiserte personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss.  
 
Meir om Sivilforsvaret: www.sivilforsvaret.no

Om arbeidsgiveren

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rambergveien 9, 3115 Tønsberg
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Annet

Nøkkelord

sivilforsvaret, totalforsvar, samfunnssikkerhet, humanitær, krisehåndtering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elisabeth Sørbøe Aarsæther
Stillingstittel
Direktør
Telefon
95 70 06 24
Kontaktperson
Kristin Cordt-Hansen
Stillingstittel
assisterende direktør
Telefon
95 19 88 07
Kontaktperson
Kirsten Agerup
Stillingstittel
avdelingsdirektør HR
Telefon
91 32 75 77
Kontaktperson
Baard L Storsveen
Stillingstittel
partner Capus AS
Telefon
41 31 87 00
Følg firma
1595 følger dette firmaet

Rambergveien 9, 3115 Tønsberg

Annonseinformasjon

FINN-kode 237372461
Sist endret 2. nov. 2021 08:39

Rapporter annonse