Utløpt

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
08.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Klinikk for Prehospitale tenester  - Avdeling for AMK, luftambulanse og pasientreiser  -  AMK Møre og Romsdal

Har du leiarerfaring og helsefagleg utdanning, og er interessert i ei ny spennande utfordring? Då kan seksjonsleiarstillinga i AMK i Helse Møre og Romsdal kanskje vere noko for deg

Då kan du få jobbe med engasjerte og faglig dyktige medarbeidara i ein flott og moderne AMK-sentral i jugendbyen Ålesund og bli med på på innføringa av ny og framtidsretta IKT-løsning i AMK-sentralane. 


AMK Møre og Romsdal har ledig fast 100 % stilling for seksjonsleiar med oppstart etter avtale                                                                                                                            

AMK Møre og Romsdal er ein moderne AMK-sentral med årlig nesten 30 000 henvendelser via 113-linje. Sentralen koordinerer 41 ambulansebiler og 5 ambulansebåter og  er også viktig støttespiller for ambulanseflyet på Vigra og ambulansehelikopteret stasjonert i Ålesund.

Seksjonsleiar er direkte underlagt avdelingssjef og er ein del av leiinga ved avdelinga.
 

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar har ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef.
  • Seksjonsleiar har ansvar for at seksjonen vert drive i samsvar med gjeldande lover/føreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer
  • At arbeidet skjer i samsvar med dei faglege standarar og kvalitetskrav som til ei kvar tid gjeld
  • Seksjonsleiar har eit samla personal-, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen, og skal sikre bemanning og drift etter gitte rammer.
  • Seksjonsleiar skal leggje til rette for god kvalitet og fagleg utvikling også med fokus på standardisering.
  • Seksjonsleiar må ha fokus på utvikling og motivering av medarbeidarar.
  • Seksjonsleiar må vise initiativ og innsats for utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket.

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter ein person med leiarfaring og gjerne leiarutdanning
  • Det er ønskeleg med relevant helsefagleg utdanning
  • God formidlingsevne (skriftleg og munnleg)
  • Gode IT-kunnskapar
  • Omstillingsdyktig og handlekraftig
  • Personlige eigenskapar vil bli vektlagt
     

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein leiar som er synleg og tydeleg for sine tilsette og avdelinga
  • Er opptatt av og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Er engasjert og har stor arbeidskapasitet
  • Målbevisst
  • Resultatorientert
  • Gode kommunikasjonseevner

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale/kvalifikasjoner
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ein inkluderande arbeidsplass

Om arbeidsgiveren





Helse Møre og Romsdal HF gir
spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom
pasientverdiprosessen skape pasientens helseteneste . Vår visjon er å vere
‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om
lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og
Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk
helsevern og rusbehandling. Kontinuerleg forbetring er valt til hovudstrategi
for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur
til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting.
Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.


 


Vi
ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i
søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der
det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.
Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom
oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer
ikkje kontakt med annonseseljarar. 


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Helsepersonell

Nøkkelord

Seksjonsleder, -, Helse, Møre, og

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristen Rasmussen
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
48 00 49 11
Følg firma
209 følger dette firmaet

Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 236159011
Sist endret 22. okt. 2021 09:40

Rapporter annonse