Utløpt

Hardanger og Voss museum søkjer avdelingsleiar - vikariat

Arbeidsgiver
Hardanger og Voss museum, avd. Hardanger folkemuseum og Agatunet
Stillingstittel
Avdelingsleder
Frist
27.10.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med STIFTINGA HARDANGER OG VOSS MUSEUM

Hardanger og Voss museum søkjer

Avdelingsleiar – vikariat, 100% stilling frå snarast til 1.2. 2023

ved Hardanger folkemuseum og Agatunet

Museet har ei allsidig drift. Me forvaltar kulturhistoriske bygg og samlingar, og driv formidling til eit breitt publikum i form av utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg, og kurs i tradisjonelt handverk. Me har utleige av lokalar, kafé og servering. Her er ei konsertscene for folkemusikk. Museet har om lag 10 fast tilsette, og fleire sesongtilsette. 

Hovudoppgåva til avdelingsleiar er å fylgja opp, koordinera og vidareutvikla alle desse varierte driftsområda, saman med dei tilsette, frivillige/venelag og eksterne samarbeidspartar. 

Viktige arbeidsoppgåver er:

  • Fagleg og administrativt ansvar for Hardanger folkemuseum, Agatunet, Bu museum og Skredhaugen. 
  • Budsjett- resultat- og personalansvar.
  • Planleggja, fylgja opp og gjennomføra museet sine oppgåver og prosjekt
  • Søknadsarbeid og rapportering
  • Samarbeid og vidareutvikling

Me søkjar etter ein strukturert, inkluderande og trygg leiar som har forståing for museet sitt samfunnsoppdrag, er målretta og kommuniserer godt. Universitets- eller høgskuleutdanning innan relevante fag er eit krav, samt kapasitet til å fylgja opp og koordinera mange og varierte arbeidsoppgåver. Søkjarar bør ha relevant erfaring frå museumsfagleg/kulturfagleg arbeid og leiarerfaring.

Avdelingsleiar rapporterer til direktør i Hardanger og Voss museum og inngår i leiargruppa for Hardanger og Voss museum. Det må påreknast noko reiseverksemd, samt helge- og kveldsarbeid. Kontorstad er Hardanger folkemuseum, Utne.

Museet tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Løn etter gjeldande regelverk. 

Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å kontakta direktør Åsmund Kristiansen, 

Tlf: 91746811 eller avdelingsleiar Agnete Sivertsen, tlf 95934698.

Om arbeidsgiveren

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum beståande av institusjonane Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.
Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og institusjonane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter. Museet er regionsmuseum Hardangerkommunane og Voss kommune.

Hardanger folkemuseum er regionalt folkemuseum for kommunane i Hardanger. Museet vart etablert i 1911, og held til på Utne. Hardanger folkemuseum har også avdelingar på Bu og Skredhaugen, og forvaltar det nasjonale kulturminnet Agatunet, eit freda klyngetun som husar den unike Lagmannsstova frå om lag år 1220. Viktige fagområde er folkemusikk, tekstil, bygningsvern, fruktdyrkingshistorie og mellomalder.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Bransje
Kunst og kultur,
Museer, gallerier og kulturminne,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Museum, Kultur, Ledelse, Reiseliv, Administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åsmund Kristiansen
Stillingstittel
Direktør
Mobil
91 74 68 11
Kontaktperson
Agnete Sivertsen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Mobil
95 93 46 98
Følg firma
30 følger dette firmaet

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Annonseinformasjon

FINN-kode 234918533
Sist endret 22. nov. 2021 12:40

Rapporter annonse