Utløpt

Laboratorieleder ved Institutt for maskin, bygg og materialteknologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Stillingstittel
Laboratorieleder ved Institutt for maskin, bygg og materialteknologi
Frist
27.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Stavanger
Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som laboratorieleiar ved Det teknisk- naturvitskaplege fakultet, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi. Stillinga er ledig for snarast mogleg oppstart.

Laboratorieleiar inngår i leiargruppa ved instituttet og laboratorieleiargruppa ved fakultetet. 

Den som vert tilsett vil ha teknisk og operasjonelt ansvar for laboratoria ved instituttet og ansvar for fagleg og administrativ leiing av laboratoria og tverrfaglege tenester, her under budsjett-, økonomi-, personal- og HMS-ansvar. Vidare vil den som blir tilsett ha ansvar for å koordinera aktivitetar og bidra til god ressursutnytting og erfaringsutveksling på tvers av laboratoria.

Stillinga vil inngå i institusjonelle prosessnettverk og/eller andre faglege fôra på tvers av einingar. Stillingsinnehavar kan òg inngå i prosjekt på tvers av organisatorisk plassering.


Hovudoppgåver
  • leia, koordinera og utvikla teknisk fagstøtte og tverrfaglege fellestenester til undervisnings og forskingsaktivitet, i nært samspel med instituttleiarane og andre laboratorieleiarar
  • bidra til god informasjon, kommunikasjon, erfaringsutveksling og samhandling internt og på tvers av laboratoria
  • bidra til ein god HMS og tryggingskultur, og eit godt fysisk, fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • planlegga disponeringa av laboratorieareal, utstyr og laboratoriepersonell i samsvar med behova knytt til studie- og forskingsaktivitetane, og bidra til god ressursutnytting på tvers av laboratoria
  • sørga for at laboratoriet blir halde i god forskrifts- og drifts messig stand
  • planlegga og gjennomføra innkjøp av utstyr, kjemikalium og tenester i nært samarbeid med innkjøpsfunksjonen og sørga for forskrifts messig registrering av utstyr og kjemikalium
  • bidra i utvikling av strategien til fakultetet og initiera endringar som er nødvendige for å gjennomføra vedtatte strategiar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning på fortrinnsvis masternivå. Særskild relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • relevant erfaring innan utstyr brukt i bygg, maskin og materialteknologi, og/eller elektronmikroskopi
  • erfaring med bruk av IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:  

  • har gode leiareigenskapar og administrative og strategiske evner
  • har erfaring frå og kjennskap til organisasjonsutviklingsprosessar og eit heilskapleg syn på aktivitetane til fakultetet
  • har evne til å kommunisera, lytta og motivera medarbeidarar
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av prosjekt

Vi tilbyr
  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1088 sjefingeniør, kr 650 000 - 715 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsider

Mangfald

Verdiane åt universitetet er å vera uavhengig, involverande og skapande. Me vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt og er opptekne av å visa respekt for at folk er ulike og har ulik bakgrunn. Universell utforming ligg til grunn for det fysiske og digitale læringsmiljøet vårt, og arbeidsplassen kjem om naudsynt til å verta lagt til rettes for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Me oppmodar alle om å søkja, ubunde av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om ein i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.

Universitetet ynskjer å rekruttera fleire kvinner til laboratoriet og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søkja. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha jambyrdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.


Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til Tor Hemmingsen, tlf: +47 51 83 15 85, e-post:  tor.hemmingsen@uis.no.

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Rosa Andrade, tlf: +47 51 83 11 91, e-post: rosa.c.andrade@uis.no.


Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her må du registrera minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidsrøynsle i tillegg til språkkunnskapar. I søknadsbrevet må du få fram kompetanse og motivasjon for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava.

Me gjer merksam på at opplysningar om ein søkjar kan verta offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25).  Dersom ei slik oppmoding ikkje vert teken til fylgje, kjem søkjaren til å verta varsla om det..

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig  samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnader regionalt, nasjonalt og internasjonalt har me eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Me er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet - European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil me løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - me vil utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fagmiljø som er internasjonalt leiande. Dette gjeld blant anna petroleums- og offshoreteknologi samt risikostyring og samfunnstryggleik, som er to av universitetet sine strategiske satsingsområde. Fakultetet har om lag 2.800 studentar og 400 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Ullandhaug, 4021 Stavanger
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Materialteknologi
Følg firma
800 følger dette firmaet

Ullandhaug, 4021 Stavanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 234361688
Sist endret 6. okt. 2021 12:00

Rapporter annonse