Leiar HR-avdeling

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Leiar
Frist
04.11.2021
Ansettelsesform
Fast

Voss herad er i inne i ei spennande tid med mange viktige prosessar innanfor HR-feltet. Me skal vera ein tillitsskapande organisasjon med høg måloppnåing, me skal vera profesjonelle og med høg etisk standard.

Organisasjonen skal vera innovativ og endringsdyktig med høgt meistringsklima og kultur for kontinuerleg forbetring.

Me skal vera skapande og inkluderande med myndiggjorte leiarar og medarbeidarar.

 

Stabsavdelinga HR og innovasjon har ansvar for oppgåver knytt til HR, IKT, organisasjonsutvikling og digitalisering. Me skal sørga for effektiv drift og vera ein servicefunksjon for alle medarbeidarar og leiarar i kommunen. I HR er det 10 tilsette

som har arbeidsfelt innanfor løn, rekruttering/saksbehandling, personalrådgjeving og HMS.

 

Me søkjer no etter ein leiar for denne avdelinga. Avdelingsleiaren vil rapportera til stabssjef for HR og innovasjon.


Arbeidsoppgåver

Som ein del av leiinga av HR og innovasjon vil du vera med og arbeida for å nå måla våre i Voss herad

Sørga for gode stabstenester til linjeorganisasjonen

Leia og vidareutvikla avdelinga

Personalansvar for tilsette i avdelinga

Administrativ leiing av avdelinga

 

Ynskte kvalifikasjonar

For å kunne utføre desse arbeidsoppgåvene trur me at du har relevant høgare utdanning, og då gjerne leiarutdanning og/eller erfaring som leiar. Me trur også at du har erfaring innanfor eitt eller fleire av ansvarsområda til avdelinga. For å kunne syta for effektiv drift og vera ein god og framtidsretta servicefunksjon for alle medarbeidarar og leiarar i kommunen, er det viktig å jobba med innovasjon og organisasjonsforbetringar. I dette ligg det naturleg at du har høg digital kompetanse og erfaring med bruken av digitale verktøy.

 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er ein tydeleg, handlekraftig og involverande leiar som er opptatt av relasjonsbygging og har evne til

å inspirera og motivera, lytta og skapa tillit.

Me trur òg at du er løysingsorientert, utviklingsorientert og målretta, og skapar meistringsklima i stabsavdelinga.

Det er viktig at du er god på å formidla, både skriftleg og munnleg, og at du har gjennomføringskondis.

 

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

 

Me tilbyr

Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver og engasjerte medararbeidarar

Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell

Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår

Høve til å påverka eigen arbeidskvardag

Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løn etter kommunalt avtaleverk

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har
mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell,
påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går
me for å bli verdas beste herad!

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5701 Voss
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Kurs og opplæring,
Ledelse

Nøkkelord

ledelse, personalansvar, utvikling, digital kompetanse, innovasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mette Gudrun Matthiessen
Stillingstittel
Stabssjef HR og innovasjon
Mobil
970 50 365
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"

Søk her

Følg firma
90 følger dette firmaet

5701 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 233649796
Sist endret 22. okt. 2021 15:39

Rapporter annonse