Utløpt

Kjøkkensjef med engasjement for berekraft

Arbeidsgiver
Tingvoll Økopark
Stillingstittel
Kjøkkensjef
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Tingvoll Økopark søkjer ein sjølvstendig kokk med kreative evner og engasjement for fristande, sunne og berekraftige måltid!

Vi ser etter deg som er utdanna kokk med fagbrev og/eller har erfaring frå kjøkken. Du vil ha ansvaret for Økokaféen og vera med på å byggja ei stabil kjøkkendrift. Kunnskap om ernæring og økologisk mat er ein fordel. Å drifta den vesle butikken vår kan også vera ei av oppgåvene. Du vil vera med i utviklinga av tilbodet og aktivitetane. Vi har ei satsing på formidling rundt mat, med kurs med tema frå jord til bord, fokus på sesong, berekraftige måltid og matlaging inne og ute. Vi ser gjerne at du har gode kommunikasjonsevner og at du deler vårt engasjement for formidling.

Som person er du ansvarsfull, dedikert og evnar å prioritera. Du likar å samarbeida med andre, men er god på å arbeida kreativt og sjølvstendig. Du er oppteken av kvalitet og matglede og synest det er spanande å arbeida med råvarer rett frå kjøkkenhagen.

Om arbeidsgiveren

Tingvoll Økopark er eit jordnært opplevingssenter og ein formidlingsarena som byggjer på eit av Noregs fremste fagmiljø innan økologisk landbruk, fornybar energi og berekraftig utvikling. Målgruppene spenner frå barn og familiar til studentar og faginteresserte. Kaféen vår er eit tilbod til publikum særleg på sommartid og ved eigne arrangement på dag- og kveldstid, vi tek imot grupper på besøk, leiger ut til møte og arrangement og tilbyd lunsjservering for dei tilsette i samarbeidsverksemdene.

Tingvoll ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal. I Tingvoll finn du innovativt næringsliv, serveringsstader, hotell, barnehage og skular heilt opp til vidaregåande, og eit aktivt lokalmiljø med eit mangfald av tilbod og aktivitetar.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
Gunnars veg 2-6, 6630 Tingvoll
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne,
Reise og turisme,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering,
Mat og servering / Kjøkkensjef

Nøkkelord

kjøkkensjef, cafè, menyutvikling, drifte, inspirere

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Unn C. Fyllingsnes
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
97 97 12 11
Følg firma
9 følger dette firmaet

Gunnars veg 2-6, 6630 Tingvoll

Annonseinformasjon

FINN-kode 233452378
Sist endret 16. nov. 2021 12:04

Rapporter annonse