BESATT

Er du den nye leiaren av Telemark Næringshage?

Arbeidsgiver
Telemark Næringshage AS
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
17.10.2021
Ansettelsesform
Fast

Telemark Næringshage AS er ein sentral utviklingsaktør innan næringsverksemd i Vestfold og Telemark. Med 12 tilsette og eksterne samarbeidspartnarar fordelt over fleire lokasjonar er Telemark Næringshage tett på næringslivet i store delar av fylket. I samarbeid med SIVA, Fylkeskommunen og kommunane bistår me over 100 bedrifter årleg i utviklingsprosessar. Hensikten er å hjelpe nye og eksisterande verksemder å vekse og skape arbeidsplassar i heile fylket. Me leverer kompetanse til bedrifter innan fagfelt som reiseliv og opplevingar, IT og digitalisering, teknologi og industri, HR og leiing, samt kreativ næring. I tillegg er forskingsbasert innovasjon ei satsing gjennom tilsett Nærings-ph.d., vidare roller som kompetansemeklar og som partner i ei rekke prosjekt i samarbeid med akademia.


Nåverande dagleg leiar går over i ny stilling i miljøet, og vi søkjer difor ny dagleg leiar.


Di rolle

·      Leie og inspirere eit tverrfagleg team av rådgivarar

·      Økonomi-, resultat- og personalansvaret i selskapet.

·      Leie Telemark Næringshage AS i tråd med gjeldande mål og strategiar.

·      Utvikle selskapets ulike forretningsområder.


Din profil

·      Du bør ha leiarerfaring og ha evne til å leie og motivere medarbeidarar i team

·      Du har relevant høgare utdanning, relevant erfaring kan kompensere for høgare utdanning

·      Evne til å tenke strategisk og sjå selskapets rolle i det store biletet framover

·      Initiativrik og entusiastisk

·      Kan bygge gode relasjonar gjennom samarbeidsarenaer og nettverk

·      God til å kommunisere skriftleg og munnleg

·      God forretningsforståing, målbevisst og resultatorientert

·      Analytisk og med evne til å drive kontinuerleg forbetring

·      Høg integritet og etiske verdiar

·      God forståing for verkemiddelapparatet i kombinasjon med kommersiell drift

 

Vi tilbyr

·      Fagleg og personleg utvikling i eit miljø i vekst

·      Godt arbeidsmiljø med engasjerte og utviklande medarbeidarar

·      Variert arbeidskvardag i eit stort nettverk av utviklingsaktørar

·      Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Telemark Næringshage AS er ein sentral utviklingsaktør i Vestfold og Telemark. Aktiviteten er basert på offentlege midler og kommersiell aktivitet. Dei tre store forretningsområda i selskapet er følgande:

Siva Næringshageprogram
Me er Vestfold og Telemarks einaste forvaltar av Siva sitt Næringshageprogram. Med statleg støtte kan me bistå bedrifter med kompetanse til utvikling. Telemark Næringshage har tatt initiativ til å koordinere eit samla rådgivartilbud for heile regionen. Dette er og finansiert av Vestfold og Telemark fylkeskommune. Me brukar lokale ressursar og koordinerar rådgiving til bedrifter etter behov.

Kompetansemekling
Me finn forskbare problemstillingar saman med bedriftene og koplar på utdannings- og forskingsmiljø for å løyse desse. Kompetansemekling finansierast av Vestfold og Telemark Fylkeskommune og Norges Forskningsråd.

Start-Opp
På vegne av dei seks kommunane i Vest-Telemark er me leverandør av førstelinetenesta, Start Opp. Den er til for å hjelpe gründerar frå idè til etablering. Me bistår og unge bedrifter med deira utvikling.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Kviteseidgata 18, 3850 Kviteseid
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

ledelse, personalansvar, rådgiving, strategisk utvikling, virkemiddelapparat

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Andreas Schärer
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
90 54 20 45
Kontaktperson
Håvard Jakobsen Ofte
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
91 92 21 42
Følg firma
20 følger dette firmaet

Kviteseidgata 18, 3850 Kviteseid

Annonseinformasjon

FINN-kode 233013543
Sist endret 13. des. 2021 00:09

Rapporter annonse