Utløpt

Helse- og omsorgsdepartementet søker ny ekspedisjonssjef Folkehelseavdelingen

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Ekspedisjonssjef Folkehelseavdelingen
Frist
25.10.2021
Ansettelsesform
Fast


Folkehelsearbeidet i Noreg skal fremje helse og trivsel mellom folk, skape gode tilhøve for samfunn og miljø, og førebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade og liding.


Oppgåvene i Folkehelseavdelinga knyter seg til det ålmenne oppsynet med helsa til folk og med faktorar som påverkar helsetilhøva i samfunnet, m.a. miljøretta helsevern, smittevern, atomulykkeberedskap, førebyggjande arbeid knytt til tobakk, alkohol, narkotika og doping, tiltak for auka fysisk aktivitet, og tiltak innan mattryggleik og ernæring. Avdelinga forvaltar òg lovverket på desse områda. Vidare er avdelinga engasjert i eit omfattande internasjonalt samarbeid.


Avdelinga har etatsstyringsansvar for ei rad sentrale etatar som Folkehelseinstituttet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, og fagleg etatsstyringsansvar for Mattilsynet. Avdelinga har òg ansvaret for eigarstyringa av AS Vinmonopolet.


Avdelinga har 35 medarbeidarar og er skift i tre seksjonar – Folkehelseseksjonen, Seksjon for ernæring og mattryggleik og Seksjon for alkohol, narkotika og tobakk.


Ekspedisjonssjefen vi ser etter:

  • er strategisk orientert
  • har god gjennomføringsevne
  • er resultat- og utviklingsorientert
  • har gode samarbeidsevner, er lyttande og samlande
  • evnar å inspirere og leie kompetente medarbeidarar
  • er ein raus og omgjengeleg person


Som den nye ekspedisjonssjefen vår må du kunne vere med og utvikle politikken på dette viktige samfunnsområdet. Det vert lagt vekt på at du høver som person.


Ekspedisjonssjefen er med i toppleiinga i departementet og rapporterer til departementsråden.


Krav til kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning, minimum på masternivå og helst medisinsk/helsefagleg utdanning
  • brei leiarrøynsle, og her må du kunne vise til gode resultat
  • innsikt i politiske prosessar
  • god rolleforståing
  • forståing for statleg forvalting og styring
  • god kjennskap til folkehelsearbeidet og områda departementet har ansvar for
  • røynsle med å løyse oppgåver på tvers av sektorar er ein føremon
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • gode engelskkunnskapar


Du må vere norsk statsborger og må kunne tryggingsklarerast for strengt hemmeleg.


Vi tilbyr:

  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver som er svært viktige for samfunnet
  • løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem
  • eit fagleg dugande og spennande arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
  • fleksitidordning og gode velferdsordningar


Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Departementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar og ulike perspektiv som kan gje endå betre oppgåveløysing.


Interesserte kan før søknadsfristen ta fortruleg og uforpliktande kontakt med Beate Ottem Svanes i ISCO Group på telefon 22 06 87 00. Meir informasjon får du ved departementsråd Cathrine Lofthus på telefon 22 24 84 07.

Søknad og CV registrerer snarest og senest innen 25. oktober 2021.


Det blir laga ei offentleg søkjarliste etter søknadsfristen. Vil du reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngje det i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde for di om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista, men du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.

Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvalting av helseføretaka.

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Teatergata 9, 0030 Oslo
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Sentralforvaltning, Departement, Folkehelse, Helsetjenester, Ekspedisjonssjef

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Beate Ottem Svanes
Stillingstittel
Rådgiver i ISCO Group
Telefon
22 06 87 00
Kontaktperson
Cathrine M. Lofthus
Stillingstittel
Departementsråd i HOD
Følg firma
345 følger dette firmaet

Teatergata 9, 0030 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 232213471
Sist endret 29. okt. 2021 13:16

Rapporter annonse