Konsernsjef / dagleg leiar

Arbeidsgiver
Skjåk Energi AS
Stillingstittel
Konsernsjef / dagleg leiar
Frist
Snarast
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mercuri Urval AS

Skjåk Energi skal vere ein framtidsretta verdiskapar med kunderetta verksemd innan fornybar energi, infrastruktur og tilknytte tenester innan marknaden vår.

Vi søkjer ein tydeleg og løysingsorientert leiar, som saman med styret skal leie den vidare utviklinga av Skjåk Energi. Konsernsjefen skal ha det overordna resultat- og personalansvaret, og vil ha ansvar for å realisere strategien til konsernet. Du skal sikre kontinuitet og utvikling både internt og eksternt, og sjå til at samarbeid og prosessar tek vare på både forankring og framdrift.

Vi ser etter ein person som trivst og motiverast av både operativt og strategisk arbeid, og som har sterk gjennomføringsevne og gode resultat å vise til når det gjeld både operativ leiing og forretningsutvikling.

Den vi søkjer har helst høgare utdanning og/eller relevant bransjeerfaring. Rette vedkomande er involverande og relasjonssterk, og skal vere ein rollemodell som skapar truverd hjå tilsette, eigar og styret. Vi verdset initiativ og gjennomføringskraft. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er ein føresetnad.

Vi tilbyr ei spennande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i eit stabilt miljø. Skjåk Energi med dotterselskap er ein organisasjon med stort potensial, der Konsernsjefen vil vere sentral i vidare utvikling og vekst.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036 eller styreleiar Hans Sæther tlf. 909 61 361.

Søk på stillinga på snarast, og seinast innan 04.10.2021.

Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg og overfor oppdragsgivar.
 

Om arbeidsgiveren

Skjåk Energi er organisert med eit morselskap eigd av Skjåk kommune og dotterselskap for kvart av forretningsområda innan nettdrift, straumsal, vasskraftproduksjon og anna forretningsmessig verksemd. Konsernet har solid økonomi, er i god utvikling og har ein utviklingsorientert eigar. Energiverket står for distribusjon og sal av elektrisk energi i heile kommunen og har om lag 2.100 kundar. Vi har eigardelar i kraftverka Skjåk 1, Framruste og Øyberget og disponerer ein årleg produksjon på om lag 70 GWh. Av anna forretningsmessig verksemd er vi inne i ei positiv utvikling innan solenergi og har fleire andre spennande prosjekt i gang innan området fornybar energi.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Moavegen 28A, 2690 Skjåk
Bransje
Elektronikk,
Kraft og energi,
Olje og gass
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør,
Ingeniør,
Ingeniør / Vassdrag

Nøkkelord

Konsernsjef, Energi, Kraftbransjen, Ledelse, Elkraft

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Petter Bratteberg
Telefon
975 59 036
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Hans Sæther
Stillingstittel
Styreleiar
Telefon
909 61 361
Følg firma
2170 følger dette firmaet

Moavegen 28A, 2690 Skjåk

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 232019454
Sist endret 15. sep. 2021 15:06

Rapporter annonse