Utløpt

Tenesteleiar, pleie/omsorg

Arbeidsgiver
Bygland Kommune
Stillingstittel
Tenesteleiar, pleie/omsorg
Frist
27.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Vil du bli vår nye kollega i ei tid med spennande endringar og utvikling av eining for pleie og omsorg i Bygland kommune? 
Vi søker nå deg som vert motivert av å ta ansvaret for å leie drift og vidare utvikling av ei av dei viktigaste einingane i kommunen. Likar du utfordringar og er sjølvstendig kan dette vere stillinga for deg.
Eining for pleie og omsorg omfattar for tida Byglandsheimen, open omsorg og habilitering. Kommunen er i ein organisasjonsutviklingsprosess der målet er å skape ei meir robust og styrka eining. 
Som tenesteleiar vil du bli ein del av kommunen si leiargruppe og vil aktivt samhandle med andre einingar i kommunen og regionalt. Stillinga er pr. d.d. definert tilhøyrande i kap. 3.4 i hovudtariffavtalen.
Vi gjev stort rom for nytenking og initiativ, og ønskjer oss ein person som gjennom fagleg tryggleik og godt leiarskap medverkar til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø .

Arbeidsoppgåver

  • Leiing og utvikling der både eininga, samhandling med dedikerte medarbeidarar og kommunens interesse skal vere i fokus.
  • Resultat, økonomi- og budsjettansvar.
  • Personalansvar med oppfølging, støtte og rettleiing.
  • Ansvar for utarbeiding av strategi- og målsettingar for eininga basert på kommunens overordna strategiske mål.
  • HMS-ansvar og oppfølging av leiing og kvalitetsforbetring i eininga.
  • Ansvar for at tenestilbodet er tilfredsstillande innanfor gitte økonomiske rammer, og at tenestene vert levert i samsvar med gjeldande lover, reglar og forskrifter 

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå.
  • Leiarutdanning- eller erfaring er ein føremon.
  • Erfaring frå tilsvarande verksemd er ein føremon.
  • Økonomiforståing og bruk av digitale verktøy.
  • God kjennskap til aktuelt lov- og avtaleverk er ein føremon.

 

Krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader ved oppstart

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som:

  • Målretta, tydeleg og trygg.
  • Motiverer til felles innsats for utvikling av tenester av høg kvalitet, samt evner å sjå kommunen som heilhet.
  • Fokus på gode prosesser og involvering.
  • Ryddig og strukturert.
  • Gode samarbeidsevner.
  • God formidlingsevne.
  • Nysgjerrig på, og har evne til å fornye tenesta i godt samspel med resten av kommunen, brukarar og innbyggjarar. 

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale.
  • Ein spennande jobb med gode moglegheiter for læring og utvikling av deg sjølv som leiar.
  • Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
  • Bedriftsavtale med Sørlandsparken Tverrfagleg Helse.
  • Medlemskap i god pensjonsordning (KLP).
  • Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.

 

Har du lyst på ein prat om stillinga? Ring Kommunedirektør John Sigridnes på tlf. 990 94 663. 

Om arbeidsgiveren

Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Sentrum 18, 4745 Bygland
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Ledelse

Nøkkelord

Tenesteleder, enhetsleder, leder, helseleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Salve Sigridnes
Stillingstittel
Kommunedirektør
Telefon
99 09 46 63
Følg firma
3 følger dette firmaet

Sentrum 18, 4745 Bygland

Annonseinformasjon

FINN-kode 231990604
Sist endret 15. sep. 2021 10:31

Rapporter annonse