Entreprenør O. L. Kythe søkjer dagleg leiar
- Arbeidsgiver
- O L Kythe AS
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Frist
- 05.10.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Ansvarsområde og oppgåver:
- Overordna ansvar for drift, leiing og vidareutvikling av O L Kythe
- Vera ein god, trygg og motiverande leiar, og utvikla teamet i O L KYTHE
- Driva O L KYTHE i samsvar med lover, forskrifter, interne rutinar, samt avgjersler tatt i styret
- Fylgja prosjekt frå anbod og kontrakt til overlevering byggherre
- Overordna ansvar for O L KYTHE sitt budsjett, økonomi- og likviditetsstyring og resultat
- Profesjonalisera verksemda, herunder ferdigstilla allereie påbegynt arbeid med heimesida og eventuelle sosiale media som gjer bedrifta meir synleg og tilgjengeleg
- Identifisera nye moglege prosjekt, driva sal og nettverksbygging
- Oppfylging av prosjektleiarar og prosjekt samt ha egne prosjekt
- Vera eit ansikt utad for O L Kythe og sikra eit godt samarbeid med samarbeidspartnarar og offentlege myndigheiter
Kvalifikasjonar me ynskjer:
- Teknisk utdanning innan konstruksjonsfag bygg, minimum bachelornivå, det er ein fordel med tilleggsutdanning innan økonomi, men ikkje noko krav
- Relevant prosjektleiarerfaring
- Generell leiarerfaring herunder; Økonomistyring, personalleiing og utvikling
- Digital kompetanse og god forståing for IT verktøy
- Marknadsføring, nettverksbygging og synlegheit
- Anbodsrekning og kalkulasjon
- Planlegging og prosjektøkonomi
- HMS, Regelverk og kontakt med myndigheiter
O L Kythe tilbyr:
- Hyggelege, kompetente og lojale kollegaer i eit uformelt og godt miljø
- Å leia og vidareutvikla eit solid selskap, med ei lang og spennande historie og eit godt omdømme
- Mange spennande arbeidsoppgåver, utfordringar og utviklingsmoglegheiter på både kort og lang sikt
- Genuint interesserte eigarar som ynskjer at bedrifta skal vidareutvikla seg på Voss
Stillinga rapporterer til styreleiar og arbeidsstad er Voss.
For meir informasjon om stillinga, kontakt gjerne Liv Braathen i Bønes Virik, Mobil: 488 49 499. Førespurnader kan om ynskjeleg behandlast konfidensielt, også for oppdragsgjevar, i innleiande fase. Søknadsfrist er 30. September 2021.
Om arbeidsgiveren
O L Kythe AS er ei familieeigd entreprenørverksemd på Voss. Selskapet har solide og lange tradisjonar heilt tilbake til 1936, og er i dag eigd av 3. generasjon Kythe; brørne Per og Olav Kyte som begge jobbar i selskapet. Selskapet driv allsidig innanfor bygg og anlegg og er sentralt godkjend i tiltaksklasse 3 i dei viktigaste utføringsklassane. Dei arbeider innanfor alle entreprisemodellar og har i dag utførande oppdrag til ein verdi av ca. 100 millionar. O L Kythe er eit solid selskap som har fokus på kvalitet og gode leveransar i alt dei gjer. I dag har bedrifta 16 tilsette, med tre prosjektleiarar og resten svært kompetente medarbeidarar med fagbrev. Entreprenøren har i mange år bidratt som opplæringsbedrift og fekk i 2019 prisen for beste lærling.
- Sektor
- Privat
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Melsvegen 7, 5710 Skulestadmo
- Bransje
- Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
- Ingeniør / Bygningsfysikk
Nøkkelord
Enterprise, Ingeniørfag, Grunn/betong, Personalledelse, Lederansvar
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Liv K. Braathen
- Stillingstittel
- Partner
- Telefon
- 48 84 94 99
- Nettverk
Melsvegen 7, 5710 Skulestadmo