Einingsleiar Rosendalstunet

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Stillingstittel
Einingsleiar Rosendalstunet
Frist
30.09.2021
Ansettelsesform
Fast

Vil du vera med? Er du den vi søkjer? Vi søkjer ny leiar til Rosendalstunet. Rosendalstunet ligger fint til ved Hardangerfjorden, tett på vakre Rosendal sentrum. Eininga er ein av tre lokasjonar kor kommunen har sjukeheimsplassar. Totalt har kommunen 126 sjukeheims plassar. 60 plassar er på Rosendalstunet.

Institusjonen utvida og opna i ny drakt i 2018. Her er det gode møteplassar i hagen og lyse fine innandørs areal. Fysio-/ergoterapiavdeling på huset og eigen sjukeheimslege. Heimeteneste Nord har kontor ved institusjonen. Institusjonane våre vert nytta til korttidsopphald for utgreiing, behandling, rehabilitering og avlastning og er butilbod til innbyggjarar som ikkje kan sikrast nødvendige og forsvarlege helse og omsorgstenester i eigen heim.

Vi søkjer ein leiar som har fokus på god drift og bidrar til samhandling internt og eksternt. Vår nye leiar må ha interesse og evne til å tenke nytt. Vi ynskjer kontinuerleg forbetringsarbeid i sektoren. Kvinnherad ynskjer fellesskap og trivsel - utvikling og vekst i alle sine tenesteområder og einingsleiar skal være ein pådrivar i dette arbeidet. Du vil vera del av sektor omsorg, helse og sosial sitt leiarteam og delta i utvikling av tenestene våre i tråd med befolkninga sine behov ut frå dei ressursar vi til ei kvar tid har tilgjengeleg.


Arbeidsoppgåver

- Budsjett, fag og personalansvar, samt leiarstøtte

- Strategi og utvikling av arbeidsområder innanfor verksemda

- Samarbeid med andre einingar i Kvinnherad kommune sin sektor for omsorg helse og sosial

- Utvikla ein effektiv organisasjon med eit godt arbeidsmiljø

Andre oppgåver kan bli pårekna.


Kvalifikasjonar

- Relevant helse- eller sosialfaglig høgskule/universitetesutdanning

- Leiarutdanning og leiarerfaring

- God brukarkompetanse innafor IKT

- God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne


Personlege eigenskaper

- Ha evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team

- Handlekraft og evne til å gjennomføra endringar i samsvar med organisasjonens sine mål

- Gode kommunikasjonsferdigheter

- Evne til å samarbeide på tvers av tenester

- Evne til å motivere og inspirere medarbeidarane

- Løysningsfokusert og fleksibel

Om arbeidsgiveren

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

Leiing, Sjukeheim

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åslaug Brænde
Stillingstittel
Sektorleiar
Mobil
911 38 334
Følg firma
3 følger dette firmaet

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 231776427
Sist endret 13. sep. 2021 11:21

Rapporter annonse