Utløpt

Vil du bli rektor i ein gjestfri og nyskapande nasjonalparkkommune?

Arbeidsgiver
Lom kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
15.08.2022
Ansettelsesform
Fast

Loar skule har ledig ei 100% rektorstilling frå 01.10.2022. Skulen husar elevar frå 1.-7. klasse og er plassert midt i nasjonalparklandsbyen Lom. 

Loar skule er aktiv i skuleutvikling. Hausten 2021 starta vi opplæring kring bruk av læringsbrett i form av iPad i skulekvardagen. Vidare utvikling kring det digitale vil vere viktig også i tida som kjem. Alle elevar og tilsette har 1:1 læringsbrett, og det er gode digitale løysingar i klasseromma. Skulen har gode resultat både når det gjeld trivsel og læringsutbytte, foreldresamarbeid er også eit viktig område.

Skulen har 159 elevar. I tillegg til rektor er det inspektør og kontorfullmektig i deltidsstillingar. Det er i overkant av 30 tilsette ved skulen. Kommunen har ein barneskule og ein ungdomsskule som samarbeider tett for heilskap og samanheng i opplæringsløpet.

Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette for elevane sitt læringsmiljø
  • Leie profesjonsfellesskapet og legge til rette for samarbeid i lærings- og utviklingsarbeid
  • Systematisk kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling
  • Skape ein kollektivt orientert skule gjennom god personalleiing
  • Økonomiansvar
  • Personalansvar
  • Forvaltingsoppgåver
  • Vere ein aktiv deltakar i utvikling av Lomsskulen som profesjonsfellesskap.

Kvalifikasjonar

  • Krav i Opplæringslova om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere oppfylt
  • Erfaring frå barnesteget er ein fordel
  • Relevant leiarutdanning, fortrinnsvis rektorutdanning, og leiarerfaring vil bli vektlagt
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk
  • Ynskeleg med erfaring innan økonomi- og personalarbeid

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar, med evne til å byggje gode relasjonar og følgje opp resultat
  • Evne til samarbeid
  • Evne til å arbeide systematisk, langsiktig og har gjennomføringskraft
  • Evne til å skape visjonar og gje retning
  • Kunne lytte til, samarbeide med, rettleie og inspirere medarbeidarar
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Systematisk og strukturert

Vi kan tilby

  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Støttefunksjonar innan personal, økonomi og IT
  • Løn etter avtale
  • Godt samarbeidsklima
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling


Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

  • Det er krav om politiattest.


Velkomen til oss! 

Om arbeidsgiveren

Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000 meterstoppar ligg i Lom, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i kommunen. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet i Lom, skapar eit spennande landsbypreg. Om sommaren kryr det av turistar i sentrum.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

rektor, ledelse, grunnskole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lisa Kronhaug
Mobil
91 57 16 75
Følg firma
7 følger dette firmaet

Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom

Annonseinformasjon

FINN-kode 227996449
Sist endret 3. aug. 2022 15:40

Rapporter annonse