Utløpt

Kommunalsjef skule og oppvekst

Arbeidsgiver
Seljord kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef skule og oppvekst
Frist
10.09.2021
Ansettelsesform
Fast


Ledig stilling som kommunalsjef for skule og oppvekst 

Vi søker ny kommunalsjef for skule og oppvekst, og ønsker oss ein kommunalsjef som tør å tenke nytt, som er utviklingsorientert og fagleg sterk, ambisiøs, som er sjølvstendig og framoverlent, og som ønsker å jobbe på tvers. Saman skal vi gjera tilbodet til barn og unge i Seljord til landets beste! Vil du vera med på det?     

I Seljord dekkjer skule- og oppvekstområdet barnehage, skule, kulturskule, vaksenopplæring og flyktningtenesta vår. Kommunalsjefen har det overordna ansvaret for utvikling av tenestene, barnehage- og skulefagleg ansvar, samt overordna personal-, økonomi- og budsjettansvar for heile tenesteområdet.  

Skule- og oppvekstfeltet er i kontinuerleg utvikling. Fagfornyinga, ny barnehagelov, digitalisering, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er sentrale stikkord for kva kommunalsjefen vil jobbe særleg med.  

Kommunalsjef for skule og oppvekst sit i rådmannen si leiargruppe, og er sentral også i arbeidet med å utvikle heile Seljord kommune i lag med rådmannen og resten av organisasjonen.   

Seljord kommune sin visjon er "Seljord – Det gode vertsskap". Denne visjonen skal også syne seg gjennom tenestene våre, kommunen som bustad og kommunen som arbeidsplass.  

  

Kvalifikasjonar 

Til jobben som kommunalsjef søker vi ein dyktig leiar som har høgare relevant utdanning innan det skulefaglege området samt leiarerfaring frå endring og omstilling i offentleg sektor. Utdanning på masternivå vil vera ein fordel.  

  

Vi ynskjer at du 

• Har høgare utdanning på relevante område for stillinga 

• Har kunnskap om og erfaring frå arbeid med barnehage- og skuleutvikling 

• Har ambisjonar om å skape ein god barnehage og ein god skule 

• Har leiarerfaring  

• Er målretta, utviklingsorientert og ryddig  

• Kan gjennomføre prosesser frå A til Å  

• Har gode samarbeidsevner og byggjer gode relasjonar  

• Har evne til å jobbe på tvers og sjå både detaljar og det store biletet 

Dei personlege eigenskapane vil bli vektlagd. 

Søkjar bør ha evne til heilskapleg og tverrfagleg fokus både i forhold til fag og organisasjon. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode evner til å jobbe strategisk, samt høg etisk standard er ein føresetnad. 

Tilsetting så raskt som råd. 

  

Vi tilbyr 

• Høve til å vere med å vidareutvikle skule og oppveksttenestene i Seljord kommune saman med dyktige medarbeidarar 

• Gode utviklingsmogelegeheiter i ei spennande og utfordrande stilling 

• Løn etter avtale 

• 10 ekstra fridagar, jamfør HTA kap. 1 § 6.3. 

• Gode pensjonsvilkår gjennom KLP  

   

Om arbeidsgiveren

Generell informasjon om Seljord

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Innbyggjartalet er omlag 3000.

Seljord kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Brøløsvegen 13a, 3840 Seljord
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Rådgivning,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

ledelse, skoleledelse, utviklingsprosesser, kommunaldirektør, kommunalsjef

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rikke Raknes
Stillingstittel
Rådmann
Mobil
92 25 63 18
Kontaktperson
Ingeborg Nenseter Jensen
Stillingstittel
Organisasjons- og personalsjef
Mobil
47 90 01 19
Følg firma
14 følger dette firmaet

Brøløsvegen 13a, 3840 Seljord

Annonseinformasjon

FINN-kode 227126343
Sist endret 16. sep. 2021 11:52

Rapporter annonse