Utløpt

Erfaring frå IPS? Da er du kanskje vår nye metoderettleiar

Arbeidsgiver
NAV
Stillingstittel
Metodeveileder IPS
Frist
19.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NAV

Har du erfaring frå arbeid med IPS? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Da kan dette vere ein jobb for deg.  Vi ber deg forklare i søknaden din kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.

IPS - Individuell jobbstøtte er ein modell som skal bidra til at menneske, til tross for psykiske helseproblem og/eller rusutfordringar kan få og behalde ein jobb. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, behalde og stå i ordinær utdanning eller løna arbeid.

NAV region Bergen søkjer no metoderettleiar til IPS Team Sentrum. Du vil som metoderettleiar ha fagleg oppfølging av eit IPS-jobbspesialistteam, drive resultat- og prosessrettleiing i teamet, være pådrivar for jobbspesialistanes marknadsarbeid, samt sikre samarbeid med aktuelle aktørar som bl.a. helsetenester, fastlegar og utdanningsinstitusjonar. Du skal i tillegg ha eigen portefølje på inntil 10 personar og vil ha kontorplass på Kronstad DPS.

Du vil vere tilsett ved NAV IPS Bergen/NAV Årstad, og følgje opp fire IPS-jobbspesialistar og ein IPS-ung jobbspesialist som er knytt til Kronstad DPS, som også vil ha kontorplass der.

Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i et engasjert miljø med stor fagleg bredde og utviklingsfokus.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing av jobbspesialistar som jobbar med Individuell jobbstøtte (IPS).
  • Gjennomføre teammøter, samt grupperettleiing av IPS-teamet.
  • Evaluere arbeidsinnsats og hjelpe kvar enkelt jobbspesialist med å sette mål.
  • Booke og gjennomføre møter med potensielle arbeidsgjevarar.
  • Oppsøkja utdanningsinstitusjonar  og bedrifter for å skape dialog og byggje nettverk.
  • Følge opp eigen portefølje og med det identifisere jobbsøkjarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter, og evne. 
  • Rettleie jobbsøkjaren i søkeprosessen.
  • Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring som jobbspesialist eller metoderettleiar innan IPS eller Supported Employment (SE)
  • god kunnskap om individuell jobbstøtte (IPS)
  • god kunnskap om arbeidsmarknaden lokalt og regionalt
  • god digital kompetanse

Personlege eigenskaper

Vi ser etter deg som:

  • har evne til å motivere og engasjere
  • er fleksibel, strukturert og har god gjennomføringsevne.
  • er resultatorientert
  • har gode sosiale ferdigheita og evne til å bygge relasjonar

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å utgjera ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • Spanande jobb i et innovativt arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling
  • Opplæring, kurs og kompetanseheving
  • Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kollegaer
  • Statleg tilsetting i stillingskode 1364 seniorrådgjevar med lønnsspenn frå kr. 563 900,-. til kr. 626 100 per år.
  • God pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Det vert trekt 2 % innskot frå løna til Statens pensjonskasse.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Trening i arbeidstida

Om arbeidsgiveren

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  



NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.



For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 


NAVstilling

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Bransje
Annet,
Helse og omsorg,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon

Nøkkelord

veiledning,, IPS,, arbeid,, psykisk, helse,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karen Sandstø Kvam
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 83 22 07
Følg firma
4607 følger dette firmaet

Solheimsgaten 13, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 225822574
Sist endret 23. jul. 2021 11:57

Rapporter annonse