Utløpt

Instituttleiar ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Instituttleiar ved Griegakademiet - Institutt for musikk
Frist
01.09.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Instituttleiar ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Ved Institutt for Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei stilling som instituttleiar (100%) frå 1.1.2022. Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med høve til å søkje forlenging i ein periode.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar til ei spanande og utfordrande leiarstilling.


Arbeidsoppgåver:

Instituttleiar skal drive strategisk leiing og har samstundes det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar. Instituttleiar sit i fakultetet si leiargruppe (Instituttleiarforum) og rapporterer til dekan. Instituttleiar legg til rette for bruk av tid til forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formidling for dei tilsette. Vidare har instituttleiar ansvar for å utvikle og følge opp mål for forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.-utdanning, utdanning og formidling, utforme verksemdplanar og sikre rasjonell drift og budsjettbalanse. Instituttleiar har HMS-ansvar og for å utvikle eit godt arbeidsmiljø, skape trivsel og motivasjon og leggje til rette for fagleg utvikling for den enkelte og for fagmiljøet samla. Instituttleiar skal sørge for oppdaterte handlingsplanar og system for kvalitetssikring av instituttets verksemd.

Instituttleiar sine viktigaste daglege oppgåver er å:

  • Leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategiane til fakultetet og Universitetet i Bergen
  • Representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • Bidra til å auke ekstern finansiering
  • Skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • Leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
  • Ha budsjettansvar og sikre god drift og økonomistyring etter gjeldande reglar og rutinar
  • Arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet

Vi søkjer ein instituttleiar som:
  • Har forskingskompetanse (professor eller førsteamanuensis) i eitt av fagområda ved instituttet eller nærståande fagfelt.
  • Har evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål

I tillegg blir det lagt vekt på:

  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil
  • Erfaring frå forskings- og utdanningsleiing
  • Perspektiv på forsking i eit breitt fleirfagleg musikkfelt og høgre skapande kunstutdanning nasjonalt og internasjonalt
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape tillit internt og eksternt
  • Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Fakultetet skal begynne prosessen med å evaluere instituttstrukturen, og det kan få implikasjoner for rollen som instituttleder i perioden.


Vi tilbyr:
  • Interessante og utviklande leiaroppgåver
  • Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Søknaden skal innehalde:
  • Søknad og CV
  • Vitnemål og attestar
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Dekan Frode Thorsen på e-post: frode.thorsen@uib.no eller på telefon 47 414 79 223 eller til fakultetsdirektør Synnøve Myhre på e-post synnove.myhre@uib.no eller telefon +47 55 58 44 51/ +47 934 84 614.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Professor/Førsteamanuensis,
Utøvende kunst
Følg firma
1196 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 224471646
Sist endret 12. aug. 2021 13:14

Rapporter annonse