Utløpt

Ønskjer du å leggje til rette for eit godt læringsmiljø for våre elevar?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Stillingstittel
Rektor ved Skjold
Frist
09.08.2021
Ansettelsesform
Fast

Skjold skule ligg sentralt i Skjold, og har noko over 300 elevar på 1.-10. trinn, med tilbod om SFO. Elevane våre kjem frå skulekrinsane Vik, Vats og Skjold på ungdomssteget. Skulen har om lag 50 engasjerte og dyktige tilsette, Frå hausten 2020 framstår det meste av skulen som ny og moderne.

Skjold tilhøyrar ytre strok av kommunen, og har eit stort tilhøyrande uteområde og er elles omgitt av flott natur, med nærleik til skog, mark og sjø som vert aktivt brukt i undervisninga i skulen. Det fysiske læringsmiljøet er godt tilrettelagt for alle aldersgrupper, og skulen har tilgang til idrettshall, kunstgrasbane, ballbinge og grasbane, og har eigen lavvo i nærmiljøet.

Som rektor / einingsleiar vil du vera ein del av rektorgruppa, som består av engasjerte einingsleiarar frå alle skulane i Vindafjord. Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skule. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til to inspektørar i 75% stilling kvar, samt merkantil i ca 90 % stilling. Skjold skule har eit team med engasjerte og svært kompetente medarbeidarar med fokus på den einskilde elev, på trivsel og læring.

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.

Arbeidsoppgåver

  • Leggje til rette for eit godt læringsmiljø med gode læringsprosessar
  • Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats
  • Samarbeide med elevar, foreldre, nærmiljø, skuleeigar og andre aktørar
  • Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
  • Bidra til at skulen har kompetanse til å løyse noverande og komande oppgåver
  • Sikre god intern administrasjon, styring og kontroll av skulen si verksemd


Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse
  • Leiarutdanning (rektorskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Strategisk innsikt og visjonar for Skjold skule si pedagogiske utvikling
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring
  • Digital kompetanse

Personlege eigenskapar
  • Evne til strukturert og systematisk leiing og styring av organisasjonen
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre

Me kan tilby
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no


Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.


For meir informasjon ta kontakt med Tom Monclair Larsen, tlf. 98 29 51 41 i Personalhuset Search & Selection eller kommunalsjef Nils Erik Eide, tlf. 98 28 68 72 i Vindafjord kommune.

Om arbeidsgiveren

Vindafjord kommune er ein vital og sentral kommune med 8800 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg om lag 5 mil frå Haugesund og er senteret for indre Haugalandet. Det er stor aktivitet i næringsliv, kultur og friluftsliv i kommunen. Tenestetilbodet er godt utbygd for born, unge og eldre. Kommunen ligg strategisk til mellom fjord og fjell med gode høve til eit allsidig friluftsliv. Vi har stor tru på og ønske om vekst i framtida. For meir informasjon sjå vindafjord.kommune.no

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Vikanesvegen 4, 5574 Skjold
Bransje
Offentlig administrasjon,
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

rektor, inspektør, skoleledelse, pedagogikk, undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom Monclair Larsen
Stillingstittel
Rekrutteringsrådgiver
Telefon
98 29 51 41
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Nils Erik Eide
Stillingstittel
Kommunalsjef oppvekst
Telefon
98 28 68 72
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
1158 følger dette firmaet

Vikanesvegen 4, 5574 Skjold

Annonseinformasjon

FINN-kode 224321223
Sist endret 14. jul. 2021 15:54

Rapporter annonse