Utløpt

Fagseksjonsleiar ved Fagseksjon bachelor vernepleie

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Fagseksjonsleiar
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig åremålsstilling som fagseksjonsleiar i 100% for perioden 15.09.2021 -14.09.2025.

Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, har ledig åremålsstilling som fagseksjonsleiar med tiltreding 15.09.2021

Fagseksjonsleiar vil ha ansvar for utdanning og fagmiljø knytt til bachelor vernepleie.

Fagseksjonsleiar er ein del av leiinga ved Institutt for velferd og deltaking og har eit medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sine målsetjingar og strategi.

Arbeidsstad er campus Bergen eller Sogndal


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor fagseksjonen sine område
  • Ansvar for dagleg drift av studium og utvikling av eit godt læringsmiljø
  • Ansvar for arbeidsplanar for tilsette i fagseksjonen
  • Ivareta personal- og HMS-ansvar for fagseksjonen sine tilsette
  • Sikre at studieplanane er i samsvar med fastsette krav og vidareutvikle kvalitet og relevans i studieprogramma
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Bidra til å utvikle forskingsbasert utdanning
  • Arbeide for internasjonalisering av utdanning og forsking
  • Systematisk kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningane og fylgje opp studentevalueringar og andre tilbakemeldingar med sikte på at studentane lukkast i utdanningane
  • Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
  • Bidra til å vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar knytt til fagseksjonen sine utdanningar og fagområde
  • Tilrettelegge for at tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Ansvarleg for at fagseksjonen sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av fagseksjonen sine ressursar
  • Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet

Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og fagseksjonsleiar rapporterer til instituttleiar. Vidare inngår fagseksjonsleiar i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.


Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette.
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som fagseksjonen femnar om er ein føremon.
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Løysings - og utviklingsorientering.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve t trening i arbeidstida

Stillinga som fagseksjonleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Svanaug Fjær tlf. 55 58 57 53, epost Svanaug.Fjer@hvl.no

2) Dekan ved Fakultet for helse- og sosialfag, Randi Skår, tlf. 57 67 61 51 / 951 46 987


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 490 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.

Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 90 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Flere arbeidssteder
6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell,
Ledelse
Følg firma
620 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 224160208
Sist endret 5. jul. 2021 14:21

Rapporter annonse