Utløpt

Prosjektleiar for E134 Haukeli

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Prosjektleiar for E134 Haukeli
Frist
22.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om Statens vegvesen

I Utbyggingsområde vest er det ledig stilling som prosjektleiar for bygging av strekninga Røldal - Seljestad i Vestland fylke med kontorstad i Ullensvang kommune. Prosjektorganisasjonen blir lagd under Statens vegvesen sin Utbyggingsdivisjon.

Prosjektet Røldal - Seljestad omfattar bygging av Røldalstunnelen med litt veg. Samla strekning er på ca 15,5 km, av dette nesten 13 km i tunnel. Prosjektet har godkjend reguleringsplan og i framlegg til ny NTP er det fullfinansiert i første periode fram til 2027.  

Prosjektet er eit tiltak på ruta E134 Haugesund - Drammen, og ein må rekne med organisatoriske endringar i takt med løyvingane til denne ruta.


Arbeidsoppgåver

Du vil få det overordna ansvaret for tiltaka som vert lagde til denne organisasjonen. Du vil få ansvaret for å byggje opp eit godt og fungerande fagmiljø for å kunne gjennomføre tiltaka. Prosjektleiaren har personalansvar, og du må ha evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte og syte for at dei utviklar seg. Du skal leie arbeidet med sikring av grensesnitt, ressursutnytting og synergiar på tvers i prosjektet.

Som leiar er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario, og vurdere kva krav dette stiller til det som skal leverast til ei kvar tid
  • samhandlar med eksterne organisasjonar og media på ein positiv måte for prosjektet
  • er resultatorientert og oppteken av å nå prosjektet sine mål
  • innbyr til tillit overfor entreprenørar og samarbeidspartar
  • kan byggje ein god og velfungerande organisasjon rundt deg

Kven er du?

  • Du har 5-års ingeniørutdanning frå universitetet. Omfattande og relevant erfaring med prosjektleiing eller aktuelle fagområde, kan kompensere for manglande formell utdanning utover 3-års utdanning frå universitet eller teknisk høgskule
  • God fagleg tyngd frå gjennomføring av samferdsleprosjekt er ein fordel, men det er like viktig at du kan handtere ulike samarbeidspartar på ein god måte
  • Du har kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt og er godt kjend med handtering av å få arbeid utført etter kontrakt
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • Du har førarkort klasse B
  • Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast
  • Du har tilsvarande leiarerfaring frå store prosjektorganisasjonar
  • Du er godt kjent med byggherrerolla

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).


Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Du vil bli tilsett i Statens vegvesen og med det blir ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Gjennom denne stillinga vil du vere med å påverke samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Du får med dette ei viktig oppgåve med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr også:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll
  • bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn blir avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.


Søknad

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bede om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.


Kontaktperson

Dersom du ønskjer meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du kontakte  prosjektdirektør Kjartan Hove på mobil 90110586.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Ullensvang, 5750 Odda
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Geoteknikk og ingeniørgeologi,
Prosjektledelse
Følg firma
4086 følger dette firmaet

Ullensvang, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 222986760
Sist endret 23. jun. 2021 09:25

Rapporter annonse