Utløpt

Einingsleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Einingsleiar
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi søkjer ein framtidsretta einingsleiar, som ønskjer å bidra til vidare utvikling og forbetringsarbeid i ein sentral klinikk ved Haukeland universitetssjukehus.  Vi søkjer ein einingsleiar som er konstruktiv, involverande og nytenkjande i dialog med pasienten, fagmiljø og samarbeidspartnarar. 

Einingsleiaren vert ein viktig støttespelar i arbeidet med å oppretthalde og vidareutvikle dei gode prosessane som allereie er sett i gang, samt ein pådrivar til framtidige utvikling- og forbetringsoppgåver. Vi ønskjer oss ein einingsleiar som trivast når det er travelt og som har solid kunnskap om spesialisthelsetenesta og det pasientnære, kliniske arbeidet. Som einingsleiar vil du rapportere til klinikkdirektør Anne Taule, og du vil vere med i leiargruppa ved Mottaksklinikken.

Mottaksklinikken vart etablert i 2014. Føremålet med etableringa var å sikre at Øyeblikkelig hjelp-pasienten får rask og riktig diagnose, rett behandling på rett stad i sjukehuset og til rett tid. Klinikken var under oppbygging fram til 2018 og har sida hatt 61 utgreiingssenger og 10 senger for overvaking av akutte og alvorlege rustilstandar, i tillegg til 5 observasjonssenger og Akuttmottak. Klinikken er inndelt i sju einingar, herunder ei lita FOU-eining og ein, etter kvart, ganske stor legeeining.

Tverrfagleg, tverrprofesjonell og teamorganisert er stikkord for korleis vi jobbar i eininga. Mottaksklinikken er sentral i Mottaksmodellen, som er Helse Bergen sin framtidsretta måte å organisere mottak og fordeling av akuttpasientar inn i sjukehuset. Ein modell som involverer alle klinikkar rundt pasientstraumen, og som har pasienten i sentrum. Med meir enn 370 tilsette er klinikken også sentral i etableringa av den nye spesialiteten i Akutt- og Mottaksmedisin for legar og vidareutdanning i Akuttmedisinsk sjukepleie. Mange av våre tilsette har allereie fått vidareutdanninga og spesialiteten og fleire er i utdanningsløpet.

Forskingsaktiviteten er i sterk vekst og det pågår fleire store prosjekt i klinikken. Likeeins har vi eit kontinuerleg fokus på pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring.

Vi søkjer etter ein einingsleiar som ønskjer å leie ei legegruppe med ulik fagleg bakgrunn. Vi søkjer deg som trivast når det er travelt og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda. 

Dersom du er ein leiar som er opptatt av gode samarbeidsrelasjonar, likar å jobbe med menneske, er opptatt av fagleg utvikling og har god gjennomføringsevne, er du den vi søkjer!  

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar for legane i klinikken
  • Ansvar for økonomien innan sitt verkefelt i klinikken
  • Medansvar for god samhandling på tvers av fagområde i og utanfor klinikken
  • Utvikle kvalitets- og pasienttryggleiksarbeid
  • Prosjektdeltaking og –leiing
  • Skal samhandle om utdanning av spesialistar, øvrige medarbeidarar og studentar

Kvalifikasjonar

  • Relevant, helsefagleg utdanning
  • Særs relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Fagleg kompetanse og leiareigenskapar blir lagt vekt på
  • Relevant leiarerfaring og eventuelt utdanning vil telje positivt
  • Interesse for akutt- og mottaksmedisin
  • Erfaring med leiing og utvikling av team
  • Søkjar må meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Evne til å gjere andre gode, er engasjert og engasjerer andre
  • Jobbar planmessig, strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Inkluderande og involverande
  • Gode samarbeidsevne
  • Gode kommunikasjonsferdigheter
  • Robust
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

enhetsleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Taule
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
97 53 18 91
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 222749555
Sist endret 24. jun. 2021 15:07

Rapporter annonse