Utløpt

Vikariat seksjonssjef HMS

Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Stillingstittel
Vikariat seksjonssjef HMS
Frist
04.07.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Politiet

I Vest politidistrikt ved Stab for HR og HMS er det ledig eit vikariat som seksjonssjef HMS, SKO 1211. Stillinga er stadsplassert i Bergen. 

Stab for HR og HMS er ein strategisk leiarstøttestab for politimeisteren og hans leiargruppe i Vest politidistrikt. Staben er delt inn i tre seksjonar, Seksjon for HR, Seksjon for HMS og Seksjon for praksisansvarlege. Vi ser etter deg som vil bidra til god fagleg kvalitet i møte med leiarar og medarbeidarar i Vest politidistrikt og som evner å sette deg raskt inn i verksemda sine behov. Arbeidskvardagen er hektisk og variert og består av ein kombinasjon av teamarbeid og sjølvstendig arbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og leie den daglege tenesta for seksjonen
  • Personal-, HMS-, resultat- og budsjettansvar for seksjonen
  • Vere med å utvikle ein kultur for openhet gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
  • Følgje opp og iverksette strategiske avgjerder innan eige fagområde
  • Aktiv deltaking i eiga leiargruppe
  • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid internt og eksternt, og god måloppnåing
  • Som leiar av seksjonen skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved seksjonen
  • Rådgjeving/bistand overfor politimeisteren, linjeleiarar, verneombod, og andre med roller og oppgåver knytt til HMS
  • Ha oversikt over, og følgje opp, sjukefråveret, personskadar og HMS-avvik
  • Medansvar for internkontroll-systemet i politidistriktet på HMS-området
  • Medverke til å utarbeide risikovurderingar, oppfølging av avvikshandtering og kontinuerleg forbetring ved driftseiningane 
  • Medverke til å bygge kompetanse i politidistriktet innan fagfeltet
  • Medverke til å utarbeide målsetjingar og handlingsplanar for HMS
  • Sekretariatfunksjon for AMU
  • Kontakt med Bedriftshelsetenesta
  • Koordinator for underutval i AMU
  • Bistå i konflikthandsaming
  • Oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet på minimum bachelornivå
  • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis på høgskule eller universitetsnivå
  • Leiarerfaring blir vektlagt og kan i særkilde høve kompensere for kravet til utdanning
  • Kunnskap om og erfaring frå HMS-arbeid, gjerne i større verksemder
  • God skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk 
  • Evne til å ta i bruk digitale løysinga for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene
  • God kunnskap om regelverket innan HMS er ein fordel 
  • Erfaring med kvalitetsarbeid, forbetrings-/avvikssystem og risikovurderingar er ein fordel
  • Kjennskap til oppgåver og utfordringar i politiet er ein fordel
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
  • Tilleggsutdanning innan HMS er ein fordel 

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapeleg
  • Gode samarbeidsevner, lojal, pliktoppfyllande og empatisk 
  • Systematisk og strukturert, med gode analytiske evner 
  • Mål-, tiltaks- og resultatorientert, med evne til kreativ problemløysing 
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i team 
  • God formidlingsevne 
  • Evne til å handtere kriser, meistre stress og arbeide i eit hektisk miljø  
  • Evne til å innta ein upartisk rolle vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester 
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir løna som seksjonssjef SKO 1211 frå ltr 77/kr 752.800,- til ltr 80/kr 825.900,- brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
  • Bedriftshelseteneste

Generelt

For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Les meir på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref.nr: 21/67175

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.



Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Allehelgensgate 6, 5016 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
HMS,
Ledelse,
Politi

Nøkkelord

HMS, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Endresen Birkeland
Stillingstittel
Leder Stab for HR og HMS
Telefon
91 16 29 31
Kontaktperson
Seksjon for HR
Stillingstittel
Spørsmål om elektronisk CV/Søknad
Telefon
55 55 68 30
Følg firma
3817 følger dette firmaet

Allehelgensgate 6, 5016 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 222435939
Sist endret 18. jun. 2021 14:55

Rapporter annonse