Utløpt

Prorektor- utdanning

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Prorektor utdanning
Frist
14.07.2021
Ansettelsesform
Fast
                                           

Fagskulen i Hordaland og Fagskulen i Sogn og Fjordane slår seg saman til den nye Fagskulen i Vestland frå
1.1.2022. Den nye fagskulen blir ein av dei største fagskulane i Noreg med studiestader over heile Vestland fylke, med
om lag 1300 studentar og 170 tilsette. Prosjektrektor for samanslåinga er tilsett frå og med 1.1.2021, og frå 1.1.2022 går prosjektrektor inn som rektor ved den nye fagskulen. Vi søkjer no prorektor for utdanning. Til stillinga ligg overordna ansvar for utdanningskvalitet og utvikling av nye utdanningstilbod. Prorektor for utdanning utgjer saman med rektor og prorektor for organisasjon og samhandling den strategiske leiinga ved fagskulen.

I rolla som prorektor for utdanning vil du leie arbeidet med å utvikle den nye fagskulen til ein viktig institusjon i
Vestland, som møter dei store nasjonale og regionale forventningane som er stilt. Fagskulesektoren er i
endring, og det er ambisjonar om å utvikle skulen vidare som høgare utdanningsinstitusjon. Samstundes ønskjer
skuleeigar å styrke skulens posisjon som den viktigaste leverandøren av etter- og vidareutdanning og
yrkesretta kompetanseheving for arbeidslivet i Vestland. Det er ei viktig målsetjing at den nye fagskulen
etter kvart skal kunne godkjenne eigne utdanningar innanfor prioriterte område.

Dette er eit eineståande høve til å kunne forme ein utdanningsinstitusjon med dyktige medarbeidarar og
eit viktig samfunnsoppdrag.

   

Arbeidsoppgåver

  • Leie pedagogisk utviklingsarbeid
  • Leie fagleg utviklingsarbeid
  • Initiere og halde ved like samarbeid med arbeidslivet
  • Eksamen (pedagogisk del)
  • Etter- og vidareutdanning
  • Fag- og timefordeling
  • Initiere og leie arbeid med kvalitet i utdanningane
  • Studentmedverknad
  • Personaloppfølging av utdanningsleiarar og pedagogisk utviklingsansvarleg.

    Prorektor kan gå inn i staden for rektor i faglege saker etter behov. Når prorektor fungerer i staden for rektor, følgjer fullmaktene til rektor.

Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarerfaring frå fagskule, vidaregåande skule, UH-sektoren eller næringslivet
  • God kjennskap til fagskulesystemet, krava til fagskulen og fagskulens plass i det overordna utdanningssystemet.
  • Utdanningsbakgrunn innan pedagogikk og gjerne organisasjonsutvikling.
  • Erfaring frå strategisk utviklingsarbeid og arbeid mot politisk nivå er ein fordel.
  • God kjennskap til arbeids- og næringslivet og kompetansebehova i arbeidsmarknaden.

Personlege eigenskapar

  • Prorektor må kunne opparbeide seg høg grad av legitimitet i organisasjonen
  • Prorektor må ha sterk strategisk og organisatorisk forståing, vere dyktig til å setje retning og kunne motivere og inspirere andre
  • Det er ein styrke om prorektor har eit godt nettverk nasjonalt og regionalt og har stor arbeidskapasitet.
  •  
  • Generelt om stillinga
  • Prorektor skal vere strategisk støttespelar for rektor
  • Prorektor skal kunne representere leiinga ved fagskulen i eksterne samanhengar
  • Prorektor vert støtta av administrasjonen i utøvinga av sine faglege funksjonar
  • Prorektor er fast medlem av leiargruppa og utfører elles dei arbeidsoppgåver som blir delegert frå rektor

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsstad: Bergen elller Førde

 

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5420 Rubbestadneset
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Prorektor, utdanning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Emil Gadolin
Stillingstittel
leiar prosjektstyret
Kontaktperson
Torbjørn Mjelstad
Stillingstittel
rektor                        
Telefon
97 14 20 81
Følg firma
1047 følger dette firmaet

5420 Rubbestadneset

Annonseinformasjon

FINN-kode 222319836
Sist endret 17. jun. 2021 11:49

Rapporter annonse