Utløpt

Assisterande avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for barn og unge
Stillingstittel
Assisterande avdelingsleiar
Frist
29.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

100% fast stilling som assisterande avdelingsleiar  

Tilrettelagte tenester for barn og unge i Bjørnafjorden er eit avlastingstilbod, og bustad, for personar under 18 år med nedsett funksjonsevne. Det er eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med Varafjell avlastningssenter, Os avlastning og Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg yt vi tenester i heim og på skule. Stillinga som assisterande avdelingsleiar er på dagtid, men vil vere i kombinasjon administrative oppgåver og brukarretta arbeid i miljøet, fordeling om lag 50/50.

Arbeidsoppgåver

Alle tilsette i eininga har i oppgåve å yte heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. Vi legg vekt på god livskvalitet, brukarmedverking og førebygging. Kva er viktig for deg skal spegla seg i ord og handlingar og står sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenedstemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.

 

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

 

I tillegg til dette skal assisterande avdelingsleiar:

 

  • vere med å utvikle avdelinga og tenestene, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering saman med avdelingsleiar
  • bistå avdelingsleiar i høve drift av bufellesskapet og er stedfortreder i avdelingsleiar sitt fråvær
  • delta i planlegging og utarbeiding av gode system, som sikrar kvalitet i drifta og at brukarane sine rettar vert ivaretatt
  • bidra med organisering av vikarar og føring av variabel løn
  • ha ansvar innan opplæring, fagleg rettleiing, medikamenthandsaming og deltaking på ansvarsgruppemøter og i ressursgrupper
  • vere ressursperson i høve fagutvikling og internundervisning
  • sørge for at det vert gjeve tenester som er fagleg og etisk forsvarlege

Andre oppgåver etter avtale med avdelingsleiar/einingsleiar

Kvalifikasjonar

 

  • Fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, men søkjarar med anna relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå vil også verta vurdert.
  • Brei erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming.
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterar høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
  • Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar  
  • Skaper gode relasjonar internt og eksternt og har evne til samarbeid
  • Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede
  • Har eit stort engasjement for brukargruppa og som aktivt bidrar til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk samt eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
  • Ønskeleg med relevant videreutdanning

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no. 

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Industrivegen 88, 5210 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

leder, barn, avlastning, assisterende, administrativ

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Yvonne Matre
Telefon
90 28 97 33
Følg firma
491 følger dette firmaet

Industrivegen 88, 5210 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 222123120
Sist endret 15. jun. 2021 14:18

Rapporter annonse